Det blir fylkessenter i Seljord

Seljord vidaregåande skal få nytt innhald - det blir fylkessenter med minst 20 arbeidsplassar.
Seljord vidaregåande skal få nytt innhald - det blir fylkessenter med minst 20 arbeidsplassar. Foto: Ingebjørg Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

14.12.2021

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Fylkestinget gjekk tysdag inn for å fortsette arbeidet med å etablere eit fylkessenter i Seljord, og med det arbeidet med å utvikle fylket vårt.

Vedtaket om å jobbe med alternativ bruk av den vidaregåande skulen i Seljord starta i 2019. I årets siste møte vedtok politikarane i fylkestinget at arbeidet med å få på plass minst 20 arbeidsplassar i eit fylkessenter i Seljord skal fortsette.

Regional utvikling

- Dette er meir enn eit enkeltvedtak, meir enn å erstatte arbeidsplassar i Seljord. Det er utvikling av fylket vårt, der vi nyttar moglegheitene digitalisering gjev oss. Det handlar om at framtidige arbeidstakarar i fylket vårt skal bu og arbeide kvar som helst i fylket vårt, sa fylkesordførar Terje Riis-Johansen i årstala til fylkestinget.

- Ved at vi er tydeleg til stades i Seljord, blir vi ein attraktiv arbeidsplass for ein større del av fylket vårt. Vi blir på den måten ein regional utviklingsaktør, og kanskje får vi staten med som ein samarbeidspartner, sa Terje Riis-Johansen. 

36 for, 25 mot

Skulebygningane treng ei oppgradering og ombygging for å tilpasse ny aktivitet. Vedtaket, som blei fatta med 36 mot 25 stemmer, innheld også ei budsjettramme for oppussing og ombygging av lokala på inntil 20 millionar kroner. Det kjem også fram i framlegg til budsjett- og økonomiplanen som blir handsama av fylkestinget 15. desember.   

Ville behalde skuletilbodet

Høgre, Frp, Venstre og Krf var ikkje einige i forslaget om å etablere eit fylkessenter i skulelokala. Dei kom med eit forslag om at det skulle blåsast nytt liv i skuletilbodet, og at fylkesdirektøren skulle jobbe vidare med å ta i bruk heile fylket, og heller flytte ut arbeidsplassar der det er naturleg.
- Vi er ikkje imot å flytte ut  arbeidsplassar, den saka er vi glad for. Men vi ynskjer ikkje å ha det der vi kunne hatt ein vidaregåande skule, sa Karoline Aarvold (H).

Vil du vite mer?

Les mer om etableringen av et regionalt fylkessenter i Seljord