Årsmelding og årsrekneskap 2022

Naturbilde med grønne trær og fjell med et innfelt bilde av fyølkesdirektør Arve Semb Christophersen. Foto.
Foto: Arkadij Schell / iStock / Getty Images Plus. Innfelt foto: Kristine Mellefoss/Vestfold og Telemark fylkeskommune

Av:

Arve Semb Christophersen, fylkesdirektør

Publisert:

04.05.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Her presenterer Vestfold og Telemark fylkeskommune årsmeldinga for 2022.

Eit aktivt år

Endeleg fekk me eit år utan koronarestriksjonar!

I 2022 har me hatt normal drift med god aktivitet på neste alle område. Slik blei det ikkje dei to fyrste åra i historia om Vestfold og Telemark fylkeskommune. Det har i 2022 vore høg aktivitet og store prosjekt.

Eksamen blei utanfor normalen for dei vidaregåande skulane også i 2022, elles har skulane vore opne, og elevar og lærarar har fått møte kvarandre fysisk.

Normal drift, der vi menneske kunne møtes, har det også vore på sektorar som tannhelse, kollektiv og kultur. Det same gjeld for samlingar i nettverk og partnarskap, og politisk møteaktivitet.

«Det har i 2022 vore høg aktivitet og store prosjekt.»

- Arve Semb Christophersen, fylkesdirektør

I 2022 blei det for fyrste gong investert over ein milliard kroner i Vestfold og Telemark fylkeskommune, det er litt mindre enn budsjettert. Uvisse kring koronakompensasjon, stigande rente, høg prisstigning på energi, og endring i andre viktige innsatsfaktorar har gitt utfordringar i sektorane. Likevel er hovudbiletet at aktiviteten har tatt seg kraftig opp. Det betyr at ein stor del av dei budsjettmidlane som blei løyvde, i både opphavleg og revidert budsjett, er brukte eller tatt i bruk. 

Klimarekneskapen får heile tida fleire element, og den auka aktiviteten i 2022 påverkar både energibruk og utslepp. Trass i høgt aktivitetsnivå, viser klimarekneskapen ein reduksjon i det direkte klimagassutsleppet til fylkeskommunen. Me arbeider heile tida med å utvikle og komplettere klimarekneskapen, for her kan ein få ut mykje viktig informasjon.

Tidleg i 2022 vedtok fylkestinget å søke om deling av fylket. Sidan vedtaket blei fatta, har arbeidet med å bygge dei to nye fylka tatt stor plass og brukt mykje av ressursane i organisasjonen.  Arbeidet har vore organisert som prosjekt. Samstundes som ein sikrar godt arbeid og god framdrift i prosjektarbeidet, har me sett til at ordinær drift av fylkeskommunen er tatt vare på.

Likevel er hovudbiletet at aktiviteten har tatt seg kraftig opp

Helsing fylkesdirektør
Arve Semb Christophersen


Ved oppstarten av Vestfold og Telemark fylkeskommune vedtok fylkestinget at 25 prosent av alt me skriv skal vere på nynorsk. Sidan denne fylkeskommunen berre kjem til å levere fire årsmeldingar, har fylkesdirektøren vedtatt at årsmeldinga for 2022 er på nynorsk. 

 

Årsmeldinga finner du her i digital versjon

Årsmeldinga kan også lastes ned som PDF

Her finner du flere budsjett- og økonomidokumenter