Fellesløft for fleir og betre klimaanskaffingar

Kvinne i blå kåpe foran fylkeshuset i Skien. Foto
Tone Skau Jonassen i Vestfold og Telemark fylkeskommune Foto: Liv Sigrun Nykos Midtun

Av:

Anne Lisbeth Odinsen

Publisert:

15.03.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Fylkeskommune har starta eit toårig prosjekt som skal gje eit felles løft når det gjeld klimakrav i kommunane og fylke sine anskaffingar.

Det skal lagast felles krav og kriteria til bruk for alle dei 23 kommunane, fylkeskommunen sjølv og innkjøpssamarbeida i regionen. Saman skal dei byggje kunnskap og kompetanse. Ein skal produsera kriteriebank med gode eksempel innan klimakriteria for t.d. anskaffingar innan bygg og anlegg, transport og IKT. Ein eigen klimarådgjevar, Tone Skau Jonassen er på plass for å syte for at resultata nås: Fleire og betre klimavenlege anskaffingar.

Store moglegheiter for kutt av utslepp

Fylkeskommunen kjøper inn varer og tenester for ca. to milliardar kvart år. Omlag 96 prosent av fylkeskommunen sine utslepp er indirekte utslepp- innkjøp av varer og tenester, såkalla i scope 3. Her ligg blant anna kollektivtrafikk, skoleskyssordninga, tenestereiser og avfall. Ein rapport for Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og Miljødirektoratet syner at me kan kutta heile 70 prosent av utsleppa, om me set klimakrav i anskaffingar.

– Her er det store moglegheiter for å kutte klimagassutslepp, seier Skau Jonassen.

Klimasatsmidlar og kompetanse

No satsast det med sikte på systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar, i regi av Klima‐ og Energinettverket i Vestfold og Telemark. Klimasats-pengar er innvilga. Det skal byggjast kunnskap og kompetanse.

– Kommunar og fylkeskommunen skal hjelpast med å sette krav i anskaffingar til nullutsleppsløysningar og sirkulære løysningar, særleg innanfor områda transport, bygg og anlegg, seier Tone Skau Jonassen.

– Auka kompetanse i kommunane vil igjen gjera kommunen betre i stand til å dela kompetansen internt, framhevar Skau Jonassen.

Ved å arbeida for å få på plass felles kriteria innanfor sama innkjøpsområde vil det bli lettare for både innkjøpsnettverka i fylket og kommunane sjølv å fylgje opp arbeidet med anskaffingar.

– Dette vil, poengterer hun, også bidra til betre rutinar og struktur på arbeidet med klimavennlege anskaffingar i kommunane. Me håpar mange av innkjøparane i regionen vår, blir med på prosjektet og kutter klimagassutslepp, seier Skau Jonassen.

Ønsker du mer informasjon?

Kontakt:

Tone Skau Jonassen, rådgiver, Samfunnsutvikling, internasjonalisering og klima
Mobil: 92 05 26 68
E-post: tone.skau.jonassen@vtfk.no