På Vest-Telemark vidaregåande skule tilbyr dei «vekslingsmodellen» neste skuleår. Det er eit annleis opplæringsløp der elevane startar med fagbrevet frå skulestart på vg1. På den måten får dei unge fleire tilbod og god utdanning lokalt og bedrifter får fleire lærlingar. Utdanninga har same valør som vanleg fagbrev, og gjev rett til høgare utdanning.
Pilotprosjekt
-
«Dette er eit pilotprosjekt, og får vi modellen til å fungere er det ingen grenser for kva utdanningsløp vi kan tilby framover»
- Lars Ramdal Kleve
Dette er eit pilotprosjekt, og får vi modellen til å fungere er det ingen grenser for kva utdanninsløp vi kan tilby framover, seier Lars Ramdal Kleve. Har er avdelingsleiar for undervisning på Vest-Telemark vidaregåande skule.
Fylkestinget har sagt dei vil følgje med og sjå på erfaringane frå Vest-Telemark vidaregåande skule, med tanke på at opplæringsmodellen kan nyttast andre stader i fylket. Tilbodet er eit samarbeid mellom skulen på Dalen, Opplæringskontorene for Vestfold og Telemark og bedrifter i Vest-Telemark.
Fleire utdanningstilbod
– Vi tar denne modellen i bruk fordi vi ser det er stort behov for arbeidskraft innan fag vi ikkje tilbyr i dag. Med dette opplegget klarer vi å tilby opplæring innan restaurant- og matfag, røyrleggar og tømrar i tillegg til faga vi har frå før. Dette er fag næringa har meldt om at dei treng fagfolk til, fortel Ramdal Kleve.
– Dette er eit fantastisk lokalt engasjement! Det er flukt frå kokk- og servitørbransjen, og det er kjempeviktig å bygge kompetansen lokalt. Vi skal legge til rette for dei som har bestemt seg og vil kome til oss, seier Lars Arne Straand, direktør ved Straand hotell i Vrådal.
Del av klassemiljø
Elevane er på skulen to dagar i veka for å få fellesfag som matte, norsk, engelsk, samfunnsfag og naturfag. Tre dagar er dei ute i bedriftene for praktisk arbeid og opplæring.
- Vi har ikkje fulle klasser, så elevane som vel vekslingsmodellen får plass i klasser som dei følger alle åra. På den måten blir dei del av eit klassemiljø, seier Elisabeth Taraldlien. Ho er både lærar ved Vest-Telemark vidaregåande skule og tilsett ved Opplæringskontoret for offentleg sektor i Telemark, Okos.
- Sidan desse elevane får plass i eksisterande klasser, er det nok med ein elev for å sette i gang vekslingsmodellen, poengterer Ramdal Kleve.
Halde på arbeidskrafta
Til neste år er det 124 elevar på 10. trinn i kommunane i Vest-Telemark.
- I år har vi 65 elevar på vg1, og har altså plass til fleire. Nokre vesttelar byrjar på Kvitsund Gymnas i Kviteseid, nokon vel Bø – eller Nome vidaregåande skule, men det er også nokon som blir nøydd til å flytte lenger for å få det fagbrevet dei ynskjer, sjølv om dei ikkje er klare for å flytte heimanfrå. Vi treng å behalde både ungdommane og arbeidskrafta her i Vest-Telemark, og er glade for å kunne tilby fleire utdanningstilbod lokalt, seier avdelingsleiaren og inviterer interesserte ungdommar til å ta kontakt så fort som råd.
– Viktig bidrag til næringslivet
– Eg er veldig glad for at vi nå har moglegheit til å tilby fleire og meir fleksible utdanningstilbod i Vest-Telemarkregionen gjennom ein vekslingsmodell som dette. Eg håpar endå fleire kan få tilbod innan akkurat det faget dei ynskjer nær eigen heimstad.
«I tillegg blir dette verdifullt bidrag til kompetanseheving og viktig arbeidskraft for næringslivet i regionen.»
- Helge Galdal
Eg gler meg til å følge med på utviklinga av tilbodet. Eg er sikker på at dette vil bidra til auka verdiskaping og blir eit viktig bidrag til å motverke utanforskap, seier Helge Galdal, direktør for opplæring og folkehelse i Vestfold og Telemark fylkeskommune.