Fylkeskommunen tar språk på alvor

Språkbruksplanen omfattar heile organisasjonen og skal vere ei «hjelpande hand» i arbeidet med å sikre god bruk av begge målformene. Foto: fizkes / iStock / Getty Images

Av:

Eva Susanne Drugg

Publisert:

19.11.2020

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

– I Vestfold og Telemark skal vi vere stolte av dialektene våre, og dyrke eit godt språk. For fylkeskommunen inneber det ein heilskapleg og samordna språkinnsats, seier utviklingsleiar Hege Glenna. No skal fylkestinget behandle ein plan for korleis vi skal kommunisere skriftleg.

Delar av det nye fylket har ein lang nynorsktradisjon, og det er aktive nynorskbrukarar i heile fylket.

Når Vestfold og Telemark no er eitt fylke, vil tyngda av bokmålsbrukarar bli større. Fylkeskommunen har derfor eit særleg ansvar for å ta vare på den nynorsktradisjonen som finst.

Skal vere språkleg nøytral – 25 prosent skal vere på nynorsk

Fylkestinget har tidlegare vedteke at Vestfold og Telemark skal vere språkleg nøytral, men at 25 prosent av det skriftlege språket skal vere på nynorsk, til dømes i brev, rapportar og på nettsider.  

Å vere eit språknøytralt fylke betyr at vi skal veksle mellom bokmål og nynorsk og sørgje for at det er rimeleg balanse mellom dei to målformene. Det er åtte nynorskkommunar, fem bokmålskommunar og elleve språknøytrale kommunar i fylket.

Politikarane i fylkestinget bad også om å få utarbeidd ein språkbruksplan. Planen inneheld mellom anna språkpolitiske mål og framlegg til tiltak.

– Planen omfattar heile organisasjonen og skal vere ei «hjelpande hand» i arbeidet med å sikre god bruk av begge målformene, fortel Hege Glenna, utviklingsleiar for brukarbehov, digitalisering og kommunikasjon.

Ny språklov set krav til dei tilsette – skal svare på same målform

I vinter kjem dessutan ei ny språklov som erstattar lov om målbruk i offentleg teneste.

– Språklova inneheld mellom anna nye reglar for fylkeskommunane. Vi pliktar svare med den same målforma som avsendar brukar i brev, søknader og e-post til oss, fortel Glenna.

Skal kommunisere på eit klart og korrekt språk

Det blir truleg eit krav i lova om at offentlege organ som fylkeskommunen skal uttrykkje seg klart og korrekt når dei kommuniserer med innbyggarar og samarbeidspartnarar. Det er dette vi kallar «klarspråk», og den internasjonale definisjonen er  «kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han».

Klarspråk er også ein del av språkbruksplanen.

Saka leggjast fram for fylkestinget i desember.

Les saka og sjå planen her.