Johannes blir senterleiar i Seljord

Vestfold og Telemark fylkeskommune har tilsett Johannes Rindal (38) i stillinga som leiar av det nye fylkessenteret i Seljord. Han startar i jobben i september.
Johannes Rindal (38)

Av:

Kristin Berge

Publisert:

10.06.2022

Oppdatert:

28.10.2022 kl.13.05

Vestfold og Telemark fylkeskommune har tilsett Johannes Rindal (38) i stillinga som leiar av det nye fylkessenteret i Seljord. Han startar i jobben i september.

Rindal bur i Seljord og kjem frå stillinga som utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet.

– Eg trivst godt i Vest-Telemarkrådet, men denne stillinga var så freistande at eg måtte søke, seier Rindal.

Ei viktig oppgåve for fylkessenterleiaren er å koordinere og styrke aktiviteten til fylkeskommunen i øvre Telemark. Når Rindal er på plass, går han i gang med å knyte kontakt med samarbeidspartnarar i området.

– Fylkeskommunen har ambisiøse mål for fylkessenteret i Seljord, og eg ser fram til å bidra i dette arbeidet. Eg brenn for eit aktivt regionalt nivå som spelar på lag med kommunane, næringslivet og andre aktørar, seier Rindal. 

«– Fylkeskommunen har ambisiøse mål for fylkessenteret i Seljord, og eg ser fram til å bidra i dette arbeidet.»

- Johannes Rindal

– Rindal viste stor forståing for rolla han skal ha på senteret i Seljord, og vi er glad for at han takka ja til jobbtilbodet. Dette er ei viktig stilling for å utvikle fylkeskommunen vidare, seier Cathrine Nedberg. Ho er seksjonsleiar for avdelinga klima, miljø og internasjonalisering i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Fylkessenteret er under oppbygging i lokala etter den vidaregåande skulen i Seljord, og skal etter planen vere i ordinær drift med 20 årsverk frå 1. januar 2023. Kring 15 tilsette er alt på plass, det er folk som jobbar med samferdsel, landbruk, solkraft, skuleinntak og internasjonalt arbeid er alt plass i Seljord. Eit av skulebygga er under ombygging og skal bli eit godt kontorlokale for dei som skal jobbe på fylkessenteret.