Den nye radaren i desse dagar vert montert ved Heggtveitrøti, er unik. Sidan midten av 90-åra har det vore ein geofon som har hatt jobben med å passe på bilistane som køyrer gjennom Byrte vinterstid. Medan det gamle anlegget målte ristingar eit stykke etter der skreda vart utløyste, skal den nye radaren oppdage skreda svært mykje tidlegare.
Ser skredene komme
Radaren er montert på motsett side av fylkesvegen. Kvar einaste vinter går alarmen, då blir det slått på automatisk raude stopplys samstundes som bommane går ned for at ikkje bilane skal køyre inn i området. Dei fleste skreda når aldri heilt ned til vegen, men det veit ein ikkje før etterpå.
Fleire gonger har det likevel gått ras som har feia med seg alt i sin veg og ikkje stansa før ute på Byrtevatn.
- Det nye anlegget skal vere sikrare. Når det gamle anlegget slo ut automatisk, kunne det ikkje nullstillast før ein av mannskapa våre hadde vore på staden fysisk. Georadaren vil også kunne lese av området rett ved vegen, fortel geolog Audun Langelid i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Nær radaren vil det også vere eit kamera som sender bilete direkte til Vegtrafikksentralen i Porsgrunn. Der vil operatørane kunne sjå om skreda har nådd vegen kort tid etter at alarmen har gått.
Lysanlegget og bommane vil også bli justert, slik at trafikken blir stansa i trygg avstand til skredområdet. Byggjeleiar Jan Geir Olsen har ansvaret for å følgje opp dette arbeidet.
Skredutsett område
I tillegg til Heggtveitrøti, er det også snøskredutsett ved Bergstøl og Ristøl eit lite stykke nærmare Vinje kommune. I dette området er det mogleg å byggje vollar for å fange opp skredsnøen slik at han ikkje kjem heilt ned til vegen.
- Etter planen skal me vere ferdige med reguleringsforslaget slik at det kan leggjast ut på offentleg høyring i løpet av hausten, opplyser planleggingsleiar Lisbeth Lehn Fosse i fylkeskommunen.

Radaren er montert her på motsett side av fylkesvegen med fri sikt rett mot skredrenna.
I planforslaget leggast det opp til å byggje ein fangvoll med ein fem–seks meter høg mur ved Bergstøl. Framfor muren skal det gravast ei grop for å gjere plass til snøen, medan det blir laga ei skråning av jord mot vegen. For å gjere innblanding i naturen minst mogleg, vil det første som blir gjort her vere å skave av det øvste laget med jord. Denne jorda blir lagd til side, men blir lagt tilbake etter at vollen er bygd. På det viset vil naturen sørgje for at vegetasjonen som veks opp igjen, blir den same som var på plassen opphavleg.
Ved Ristøl er det mindre sjansen for at snøskred skal nå heilt ned til vegen, derfor vil det her blir bygd ei litt meir beskjeden sikring. Som ved Bergstøl blir det også her grave ut eit basseng på oppsida av vollen, men sjølve vollen blir berre tre meter. Skråningane blir også her slakka ut med massane som vart skavne av på førehand for å sikre at vegetasjonen blir naturleg for staden. På innsida blir det her ikkje bygd ein støttemur, men skråninga på den sida blir plastra med stein.
Kort byggeperiode
Etter at planane har vore ute på høyring i minst seks veker, vil dei bli politisk behandla før prosjektering og arbeid med detalj- og byggjeplanar startar. Perioden av året som det er mogleg å byggje er avgrensa i dette området. Det vil derfor ikkje vere realistisk med byggjestart før i tidlegast 2024.