- At det vert lagt ned ein ekstra innsats for å lette arbeidskvardagen for nynorskbrukarar i fylket er særs bra, seier Siv Reidun Eide, studieleiar ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
Malar og skjema på nynorsk
- Fram til no er mange malar og faste skjema skrive om til nynorsk, det gjeld særleg innanfor opplæring og skuleskyss, fortel Kristin Berge. Ho har vore tilsett som nynorskkonsulent i fylkeskommunen sidan 1. mai.
- Det at me no får malar i begge målformer vil lette arbeidskvardagen, då slepp me å omsetje malen kvar gong me skal bruke han, seier studieleiaren på Dalen.
- Ein person i fylkeskommunen som er dedikert til denne oppgåva, har vore etterlengta. Me ynskjer oss også eit nynorsk retteprogram. Det blir fort mange raude strekar i produksjon av heimesider, offisielle dokument og vedtak. Det er krevjande og gjev mykje meirarbeid, seier ho.
Koda om nettsida
- Me har ikkje fått på plass retteprogram på nettstaden vtfk.no enno, men ein kode for nynorsk er på plass. Dette er ein kode som gjer at nettlesarar ikkje trur det er stavefeil. Det er viktig både med tanke på hastigheita på sida, og for eksempel viss svaksynte vil få teksten opplesen ved hjelp av ein skjermlesar, seier nettsideansvarleg Christian Brekke.
Auka språkforståing
På Vest-Telemark vidaregåande skule presenterer dei opplæringstilbodet sitt på nynorsk på vtfk.no. No er også nettstaden vilbli.no integrert med nynorskversjon.
- Å produsere nynorske tekstar i det offentlege rom er med på å halde ved like og auke forståinga for språket vårt. Nynorske tekstar, som del av kvardagen til alle i fylkeskommunen, vil auke språkforståinga for alle, og truleg betre kommunikasjonen mellom oss, trur Eide.
Vedtak i fylkestinget
Bakgrunnen for at fylkeskommunen prioriterer arbeidet med nynorsk, er vedtaket fylkestinget gjorde i fjor. Vedtaket seier at fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral, men at 25 prosent av det som blir skrive skal vere på nynorsk.
«Å vedta at 25 prosent av alt som skjer i fylket skal vere på nynorsk er kjempeviktig!»
- Maren Betten Kleve
Noreg har to offisielle skriftspråk, så det burde vere sjølvsagt at begge skal brukast i det "offentlege". Ein ser også at bruk av nynorsk stadig minkar, så vedtak som dette er nødvendig for å halde liv i språket, meiner ein av elevane i 3a ved Vest-Telemark vidaregåande skule, Maren Betten Kleve
- Historisk, må ein nesten sjå på 25 prosent nynorsk i det nye fylket vårt som ein nedgang frå likestilling av skriftspråka då me berre var Telemark. Likevel er det flott at det vert satsa på nynorsk, i og med at me er slått saman med eit reint bokmålsfylke. Me heiar på nynorskfokus! seier Eide.
Langt til målet
- I Vestfold og Telemark fylkeskommune er det ein del som kan skrive nynorsk, men at det er ganske langt fram til målet om 25 prosent. Eg tenkjer likevel at det er best om dei som kan og vil skrive nynorsk gjer det, og kanskje klarer dei å inspirere kollegaer, seier nynorskkonsulenten optimistisk.