Har besøkt samtlege kommunar i Vestfold og Telemark: Inspirert av kommunalt engasjement

Ledergruppen på besøk i Fyresdal

Av:

Tom Marius Lorier Holen

Publisert:

02.03.2020

Oppdatert:

02.03.2020

Kommunane i Vestfold og Telemark er ulike. Men dei har også mange like interesser og utfordringar. Alle er opptatt av å få fleire arbeidsplassar, auka kompetanse og attraktive bumiljø. Dessutan er dei alle engasjerte og hyggelege å besøke!

Slik oppsummerer fylkesrådmann Jan Sivert Jøsendal inntrykket sitt etter at han og leiargruppa hans har vore på besøk i alle kommunane i Vestfold og Telemark. Nesten kvar veke sidan august i fjor og fram til nå i starten av mars 2020, har leiargruppa vore rundt i den nye regionen. Måndagane har dei kombinert sine eigne leiarmøte med besøk hos alle dei 23 kommunane i fylket. Den nye fylkeskommunen skal vere der for både distrikta, tettstadene og byane, slår han fast.

Lærerikt

Jøsendal meiner definitivt at rundturen har vore lærerik. I forkant av kvart einaste kommunebesøk har analyseeininga Vestfold og Telemark+ laga ein fakta- og utviklingsprofil. Kommuneprofilane inneheld viktig informasjon om innbyggjarar, landareal, næring, arbeid, opplæring, folkehelse, samferdsel, natur og miljø og kultur og fritid. Leiargruppa brukte desse kommuneprofilane til førebuing, og som grunnlag for dialogen med kommuneleiinga.
– Vestfold og Telemark fylkeskommune skal vere den organisasjonen i Vestfold og Telemark som kan mest om utfordringar og føresetnader for vekst og utvikling. Slik sett passar kommuneprofilane godt inn i dette biletet, seier fylkesrådmannen.

Her kan du kan lese meir om kommuneprofilane.

Ynskjer samarbeid

Fylkesrådmannen gler seg over at alle kommunane er positive til å utvikle samarbeidet med fylkeskommunen. Dei ser fram til å møte ein samordna og kompetent regional utviklingsaktør som kan skape gode føresetnader for tett og verdifull samhandling på nye og gamle møtearenaer. Akkurat no pågår det eit tett samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om nasjonal transportplan. Her er det viktig at regionen står saman om prioriteringane, og hittil har samhandlinga gått i eit veldig konstruktivt spor. Det er til dømes stor semje i det politiske leiarskapet om at regionen må stå saman, og at tidlegare Telemark må heie på Vestfoldbanen medan tidlegare Vestfold må heie på vidare utbygging av E134.

- Det er og særs gledeleg at alle kommunane i Vestfold og Telemark har meldt seg på kulturstafetten «Ditt nye fylke» i regi av Vestfold og Telemark fylkeskommune, seier Jøsendal. Med kulturstafetten «Ditt nye fylke» vil ein få fram det unike i kvar kommune, dei unike særtrekka til regionen og skape engasjement, møteplassar og dialog. Med kultur byggjer vi regional identitet.

Kan finne nye «vener»

Eit fellestrekk er også at alle kommunane jobbar med å få til utvikling basert på sine lokale fortrinn – anten dei er bykommunar eller distriktskommunar. Det er mye spanande som skjer, og det er mye kreativitet i kommunane. – Vi har vorte storleg imponerte mange gonger, seier fylkesrådmann Jøsendal. Han trur at fleire kommunar nok kan finne seg nye kommune-vener å samarbeide med etter at Vestfold og Telemark har blitt ein felles region. Det kan også fylkeskommunen stimulere til.

Likskapar

Rundturen i det nye fylket har vist fleire kommunar som er opptatt av same type saker. – Dette er ikkje nabokommunar, som er vande med å samarbeide. Til dømes ser vi likskapar mellom kommunar som har stor grad av hyttebygging. Dei har alle utfordringar som gjeld arealbruk, miljømessige konsekvensar, sesongvariasjonar i folketalet og kanskje ikkje minst: ressurssterke eksterne interessentar – på godt og vondt.
Det verkar og som dei gamle industrikommunane har fleire likskapar og felles utfordringar. Det kan vere kompetanserelaterte forhold, talet på unge utan arbeid og talet på uføre.

Og kva med nasjonalpark-kommunane Færder, Kragerø og Vinje? Her ser vi truleg eit stort potensiale for vinst for regionen og for den enkelte kommune som er så heldige å ha områder med nasjonalparkstatus.

Grenseutfordringar

Nokre av kommunane har meldt at dei ser utfordringar knytt til fylkesgrensa mot Viken fylkeskommune. Det gjeld kommunane som har eit mangeårig interkommunalt samarbeid med Kongsbergregionen. – Eg vil gjerne bidra til at fylkesgrensa ikkje er eit problem for godt kommunalt samarbeid. Tvert om tenkjer eg at dette samarbeidet er positivt også for den nye regionen. Det er mye god kompetanse i Kongsbergregionen, seier fylkesrådmannen.

Som grensekommune opplever Holmestrand sterk vekst og påverknad av nærleiken til Drammen og Oslo. - Denne veksten har positive ringverknader for Vestfold og Telemark, og vi skal vere ein støttespelar også for grensekommunen Holmestrand, kommenterer Jøsendal. Kommunen er særleg opptatt av å ha avklarte regionale føringar for arealpolitikken.

Må samarbeide for å lukkast

For Jøsendal sin del, er nå kommunebesøk nr 46 gjennomført, det vil seie at han vitja alle kommunane som nytilsett prosjektleiar våren, sommaren og hausten 2018. – Kommunane er svært viktige samarbeidspartnarar for fylkeskommunen, og desse besøka har difor stor verdi for oss, seier fylkesrådmann Jan Sivert Jøsendal i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

I tida framover skal me bruka kunnskapen og eit relasjonelt godt samarbeid til å jobbe konkret med tiltak, metodar, nettverk og partnarskap for å skape ei positiv regional utvikling. Ikkje berre med kommunane, men og med næringsliv, andre offentlege og frivillige organisasjonar og kort sagt alle som vil skape ei betre framtid for Vestfold og Telemark . Det er tross alt innbyggjarane vi er til for, avsluttar Jøsendal.

Oversikt over kommunebesøka 2019/20:

12. august: Vinje
19. august: Holmestrand/Sande
26. august: Tinn
2. september: Horten
9. september: Fyresdal
23. september: Tokke
30. september: Nissedal
7. oktober: Hjartdal
14. oktober: Kviteseid
21. oktober: Tønsberg/Re
28. oktober: Seljord
11. november: Bø/Sauherad
18. november: Færder
25. november: Drangedal
2. desember: Nome
16. desember: Sandefjord
13. januar: Siljan
20. januar: Larvik
27. januar: Porsgrunn
3. februar: Skien
17. februar: Notodden
24. februar: Kragerø
2. mars: Bamble