Heider og kåring av fagarbeidarane våre

ÅRETS LÆRLING: Kristine Larsen Rønningen fikk prisen Årets lærling i Telemark for sitt engasjement for frisørfaget.
ÅRETS LÆRLING: Kristine Larsen Rønningen fikk prisen Årets lærling i Telemark for sitt engasjement for frisørfaget. Foto: Anders Palmer Holmen

Av:

Kristin Berge

Publisert:

25.11.2022

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Rundt 300 fagarbeidarar fekk sine bevis og brev i Ibsenhuset torsdag. I tillegg fekk Kristine Larsen Rønningen og Inovyn gjeve prisar.

Det var feststemning i Ibsenhuset då tett på 300 nye fagarbeidarar fekk sine fag- og sveinebrev og kompetansebevis. Saman med familie og vener fylte dei storstova i Skien.

Ordenskollegiet i Skien handverk og industriforening opna på tradisjonelt vis «laden» - då var det klart for å starte fagbrevutdelinga.

I alt var det 152 ulike fag det blei delt ut brev og bevis i. Dei største gruppene var tømrarfaget og helsearbeidarfaget, mens det berre var ein som hadde tatt fagbrev som feiar.

– De er ettertrakta

– Eg er nesten litt misunneleg; de torde å ta eit kult val. De er kveldens heltar og morgondagens arbeidskraft, de er ettertrakta, sa Sven Tore Løkslid i tala til fagarbeidarane. Han er leiar for hovudutval Telemark.
– Me treng fleire fagarbeidarar, og de er dei beste ambassadørane, sa han, og takka samstundes dei 2 500 bedriftene i fylket som tar imot lærlingar.

Løkslid fekk hjelp av Irene Haukedal Bordier frå yrkesopplæringsnemnda og Hege Pflug frå NHO til å gratulere dei flotte fagarbeidarane, medan Rannveig Haglund frå seksjon fag- og yrkesopplæring i fylkeskommunen sørgde for at alle kandidatane kom opp på scenen.

Bandet Nuggets frå musikklinja ved Skien videregående skole underheldt, medan Eline Momrak hadde oppdraget som konferansier.

Stakk av lærlingprisen

Det er mange dyktige lærlingar rundt om i Telemark, og juryen hadde mange å velje i då dei skulle kåre Årets lærling i Telemark. Men blant dei nominerte var det likevel Kristine Larsen Rønningen som skilde seg ut.

– Ho har vist eit enormt engasjement for faget sitt. Under heile læretida har ho vore opptatt av å lære, men også lære opp andre lærlingar ved Tango Akademiet, fortalde Bjørn Rudborg som delte ut prisen. Han er leiar for hovudutval for utdanning og kompetanse.

– Kristine har sjølv jobba med sosiale medium, og på den måten opparbeidd si eiga kundegruppe før ho var ferdig faglært. Ho er sprudlande og effektiv og ein veldig god kollega, sa utvalsleiaren.

Tilrettelagd for lærlingar

Inovyn blei kåra til Årets lærebedrift i Vestfold og Telemark. Bedrifta har 25 lærlingar og 320 tilsette fordelt på Rafnes og Herøya.  

– Dei siste åra har bedrifta jobba systematisk og målretta for å forbetre opplæringa av lærlingar. Bedrifta har brukt monalege ressursar for å utvikle eit opplæringsprogram, og lærlingane får eksterne kurs. Bedrifta har ein tilsett som tar seg av lærlingane, og lærlingane er inkludert og får oppgåver i den daglege bedrifta, skrytte Hege Pflug i NHO i gratulasjonstala. Thomas Andersen mottok prisen, i lag med kollegaene Vera Hansen, Lene Rambekk, Kristian Heimestad og Ståle Kristiansen.

Se flere bilder fra seremonien i Ibsenhuset

Fagbrev Skien (56).jpgFagbrev Skien (55).jpgFagbrev Skien (57).jpgFagbrev Skien (56).jpgFagbrev Skien (54).jpgFagbrev Skien (52).jpgFagbrev Skien (51).jpgFagbrev Skien (50).jpgFagbrev Skien (49).jpgFagbrev Skien (48).jpgFagbrev Skien (48).jpgFagbrev Skien (48).jpgFagbrev Skien (46).jpgFagbrev Skien (45).jpgFagbrev Skien (44).jpgFagbrev Skien (43).jpgFagbrev Skien (42).jpgFagbrev Skien (41).jpgFagbrev Skien (38).jpgFagbrev Skien (36).jpgFagbrev Skien (35).jpgFagbrev Skien (34).jpgFagbrev Skien (33).jpgFagbrev Skien (32).jpgFagbrev Skien (29).jpgFagbrev Skien (22).jpgFagbrev Skien (21).jpgFagbrev Skien (17).jpgFagbrev Skien (16).jpgFagbrev Skien (15).jpgFagbrev Skien (10).jpg

 

 

Fagoversikt Telemark

Blomsterdekoratør
Frisør
Filgranssølvsmed
Mediegrafikar
Akvakultur
Anleggsgartnar
Hestefaget
Institusjonskokk
Kokk
Servitør
Industriell produksjon
IKT-Service
Reiseliv
Resepsjon
Kontor- og administrasjon
Salg
Sikkerheitsfaget
Logistikk
Yrkessjåfør
Automatisering
Tavlemontør
dataelktronikar
Produksjonselektronikar
Telekommunikasjonsmontør
Elektrikar
Elektroreparatør
Energimontør
Anleggsmaskinmekanikar
Billakkerar
Bilskade
Bilfaget, lette kjøretøy
Bilfaget, tunge kjøretøy
Motormekanikar
Reservedelsfaget
Matros
Motormann
Gjenvinning
vaskerifaget
Kjemiprosess
CNC-maskinering
Dimensjonskontroll
Grafisk produksjonsteknikk
Industriell overflatebehandling
Industrimekanikar
Industrimontør
Industrirøyrleggar
Kran- og løft
Plastmekanikar
Platearbeidar
Produksjonsteknikk
Sveis
Laboratoriefaget
Ambulanse
Barne- og ungdomsarbeidar
Helsearbeidar
Anleggsmaskinførar
Banemontør
Brønn- og borefag
Fjell- og bergverk
Vei- og anlegg
Betong
Stilasbyggar
Røyrleggar
Ventilasjons- og blikkenslagar
Målar
Reinhald
Byggdriftar
Feiar
Isolatør
Tømrar