Kanalparken er endeleg bemanna

Då dagleg leiar av Telemarkskanalen natur- og kulturpark blei ordførar i Larvik, steppa Therese Surdal Lahus inn på kort varsel.
Ein mann og ei kvinne står lent opp mot gjerde. Dei smiler og har båtmiljø i bakgrunnen.
Martin Pedersen og Therese Surdal Lahus er begge nye i Telemarkskanalen natur- og kulturpark.
Foto: Kristin Berge

Birgitte Gulla Løken har jobba i kanalparken som prosjektleiar i fleire år, og det siste året som dagleg leiar. Det tok det litt tid før ny prosjektkoordinator Martin Pedersen var på plass i staden for Løken. Få månader etter blei Løken ordførar i Larvik.

– No er Telemarkskanalen natur- og kulturpark endeleg fullt bemanna, slår Therese Surdal Lahus fast. Til vanleg er ho rådgivar for kultur, idrett og friluftsliv i Vestfold og Telemark fylkeskommune, men det komande halvåret er ho konstituert som dagleg leiar av kanalparken.

Viktig å halde koken

– Vi er veldig takknemlege for at Therese Lahus sa ja til å vere konstituert det komande halvåret, slik at vi får summa oss og igjen lyser ut stillinga, seier Jon Harald Rønningen i styret for Telemarkskanalen natur- og kulturpark.

– Det er viktig at vi held arbeidet i gang, og ikkje får ein ny periode med underbemanning, legg han til.

«Det er viktig at vi held arbeidet i gang, og ikkje får ein ny periode med underbemanning»

- Jon Harald Rønningen

Saman med Lahus jobbar altså Martin Pedersen. Han er prosjektkoordinator i den vesle organisasjonen som har kontor på Ulefoss. I hektiske periodar har dei hjelp av Frida Sviland.

– Vi må sikre framdrift og gode rammevilkår for prosjekta våre, for det er jo nettopp ein prosjektorganisasjon vi er, seier Lahus.

Attraksjon langs kanalen

«Vannvegens fortellinger» er eit av dei største prosjekta dei to på kontoret i Ulefoss sentrum jobbar med.

Prosjektet handlar om at kunst, arkitektur og lys kan vere med å gje ei attraksjonskraft, ein stoppeffekt.

– Soria Moria på Dalen var første steg i prosjektet – eit viktig bidrag i styrke attraksjonskrafta, seier Pedersen.  Kunstverket TRE blir avduka på Notodden til våren, og det tredje steget i prosjektet blir satsing på Ibsen i Skien i 2028.

– Tre kunstnarar er plukka ut til å kome med forslag til Ibsen 2028. Frist for levering er 15. november, og før året er omme skal vi velje kven av dei som skal skape attraksjon langs kanalen i Skien, seier Pedersen.

Padleled under utvikling

Av andre store prosjekt dei jobbar med, er Padleled Telemarkskanalen. Padlar du langs kanalen nå, vil du finne badstover og padlehukar. Hukane er perfekte for både rast og overnatting. Dei er på plass i både Lindesviki i Tokke, Ågapet og Sundenuten i Kviteseid og på Nomestranda.

– Målet er å gjere det enklare å vere aktiv, og drive med eit miljøvenleg friluftsliv, seier koordinatoren. 

Mange samarbeidspartnarar

Eigarane av Telemarkskanalen natur- og kulturpark er dei seks kanalkommunane Kviteseid, Nome, Notodden, Midt-Telemark, Skien og Tokke. I tillegg er Vestfold og Telemark fylkeskommune og Telemarkskanalen FKF eigarar.

– I tillegg samarbeider vi med frivilligheit og næringsliv. Arbeidet vore på eit minimum det siste året, men nå er vi på plass og tar opp att arbeidet, seier Lahus.

 

 

Publisert: 25.10.2023 Oppdatert: 25.10.2023 kl.13.22

Kva gjer Telemarkskanalen natur- og kulturpark?

  • Målet med Telemarkskanalen natur- og kulturpark er å gjere området endå meir attraktivt som reisemål og bustad. Det er også eit ynskje å få til vekst og utvikling i næringslivet ved å foredle dei særprega ressursane som er  knytt til Telemarkskanalen og landskapet i kring.
  • Oppgåvene til Telemarkskanalen natur og kulturpark er å hjelpe til i arbeidet med å
    - skape berekraftig verdiskaping, bygde- og stadutvikling
    - ta vare på og vidareutvikle særprega natur- og kulturverdiar knytt til kanalen
    - skape plattformer for samarbeid mellom alle interesserte aktørar som er knytt til kanalen
    - få til lokal medverknad og verdsetting av natur- og kulturverdiar.