Ja, det er faktisk sant! Kjærleik blei kåra til det vakraste ordet i Noreg på VG Nett i 2004, og det er ingen grunn til å tru at ordet har blitt mindre populært og vakkert på dei gode 15 åra som har gått.
Det vakre ordet er nynorsk, men bokmålsfolk kan også skrive kjærleik. Akkurat som dei kan skrive mange andre ord vi tenkjer er nynorske, for det er stor valfridom. Ta berre desse matrettane og ingrediensane her: graut, fløyte, mjøl, mjølk, steik. Nynorsk, tenkjer du? Same her, men ein kan skrive det på bokmål også. Og kven synes ikkje steik med fløytesaus høyrest betre ut enn stek med fløtesaus?
Nynorske ord, vakre og mindre vakre, kjem det til å bli fleire av i det nye fylket vårt. For fylkestinget har vedtatt at 25 prosent av det som blir skrive skal vere på nynorsk. Det er i tråd med den nye norske språklova som seier at «Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument».
Kvart fjerde ord som blir kommunisert ut til folk i Vestfold og Telemark, det skal vere nynorske ord. Det meiner fylkespolitikarane er rimeleg samhøve. Det er ein del, altså!
Mange synes nok at nynorsk er vanskeleg, at det er tungvint, det er grautmål og det er gamaldags. Mitt råd er, ikkje tenk på det. Tenk heller på at vi blir rikare av å kunne fleire språk, ordforrådet blir betre og vi blir smartare. Og apropos vakre ord. Ivar Aasen samla inn ord frå folk over heile landet, han ville at folk skulle sleppe å skrive dansk. For det var vanskeleg for folk. Grunnlova ble skriven på dansk, og kven forsto De Forandringer dette efterhaanden maatte undergaae anføres ufortøvet deri…. Skriftspråket var veldig fjernt frå korleis nordmenn faktisk snakka, korleis dei kommuniserte.
Kristin Fridtun er ein filolog som har skrive fleire bøker som er til glede og nytte for dei som skal skrive eller lese nynorsk. Ho fortel i Nynorsk for dumskallar at ordet hugse kjem av hug som tyder sinn eller tankar. Vekedagen sundag viser til sola og kjem av det norrøne sunna og engelske sun, mens tysdag er kalla opp etter guden Ty. Og visste du at vindauga er eit auga det kjem vind inn i? Engelskmennene lånte dette ordet alt i mellomalderen og dei fekk window.
Er det ikkje vakkert? Eit auga som vind kjem inn i!
Måtte det kome ein vind av nynorske ord over heile det nye fylket vårt, og måtte det vere til glede for alle!
Kristin Berge
Nynorskkonsulent
Vestfold og Telemark fylkeskommune