Engasjementet rundt årets Skole-NM er stort! Dei 31 yrkesfagelevane som er påmelde til fylkesmeisterskapa er fordelt på 21 fag.
– Håpet er at mange kvalifiserer seg til Skole-NM 5.- 6. april, som blant andre dei tre vidaregåande skulane våre, Greveskogen, Gjennestad og Skogmo skal vere vertskap for, seier rådgivar Lena Marie Fekene ved fag og opplæring i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Har gode resultat
Fylkesmeisterskapa blir arrangert i Porsgrunn 17. februar, Sandefjord 18. februar og i Kragerø 8. mars. Faga det blir konkurrert i er høvesvis frisør, kokk- og servitørfaget og sveising.
Når kvalifiseringsrunden er over, er det altså duka for NM på Grevestad i Tønsberg, Gjennestad i Stokke og Skogmo i Skien. I tillegg representerer våre elevar Vestfold og Telemark andre stader i Sør-Norge. (Sjå liste).
– Vi har gjort det godt i mange fag i tidlegare NM, så dette blir spennande, seier Fekane.
Marknadsføre yrkesfag
Det er den ideelle organisasjonen WorldSkills Norway, WSN, som arrangerer Skole-NM i lag med skulane. WSN arbeider med å fremme yrkesfaga, auke kvaliteten på desse og få fleire til velje yrkesutdanning. 80 land er med i WorldSkills International, og er den einaste organisasjonen som arbeider med rekruttering til yrkesfag.
Målet med yrkeskonkurransar som Skole-NM er å auke motivasjonen og styrke meistringsfølelsen hjå elevane. Deltaking kan også auke karrieremoglegheitene hjå unge menneske, meiner organisasjonen.
Les meir om Skole-NM på WorldSkills Norway
Mange i sving
Den neste månaden blir det hard jobbing for elevar som har meldt seg på. Målet er gå vidare til Skole-NM, og det kan bli folksamt på dei tre vertsskulane.
– Greveskogen videregående skole får besøk av kring 100 personar til arrangementet i april. Då er det både deltakarar, følge til deltakarane og dommarar. Til Skogmo kjem det kring 40-50 personar, medan 20-25 kjem til Gjennestad, seier Fekane.
Oversikt over vertsskular for Skole-NM