– I oktober får vi oversikt over dei store søknadene til fylkeskommunen. Sjølv om 50 millionar kroner er mykje, blir det vanskeleg å prioritere. Det er mange som ynskjer å satse, og som har store planar, seier Maja Foss Five. Ho er leiar av hovudutval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett.
Store byggeplanar
– Eg er kjent med konkrete planar og ynskje hjå kulturinstitusjonane våre. Eksempel er Maier arena i Tønsberg, Herregården i Larvik, utvikling av Midgard vikingsenter i Borre, Ibsen 2028 i Skien, både formidlingssenter i byen og på Henrik Ibsen Museum, nasjonalparksenter på Jomfruland og ynskje frå Vest-Telemark museum om nytt museumsbygg, for å nemne nokre, seier Foss Five.
- Eg er heilt sikker på at desse 50 millionane får bein å gå på, konstaterer ho.
«Eg er kjent med konkrete planar og ynskje hjå kulturinstitusjonane våre»
- Maja Foss Five
Storm ga meirutgifter
Det var Ap, SV, Sp, Mdg og Rødt som saman foreslo å setje av 50 millionar kroner til kulturbygg, og dermed var fleirtalet i fylkestinget 14. juni spikra.
Samarbeidspartnarane sikra også fleirtal for å gje verdsarven på Rjukan og Notodden åtte millionar kroner.
– Verdsarven er i hovudsak finansiert av staten, men fylkeskommunen må også bidra. Vi veit at ein kraftig storm i fjor haust, har gjeve ekstra utgifter. Behovet for midlar er ekstra stort. Vi håpar åtte millionar hjelper litt på vegen, seier Ap-politikaren.

TATT AV VINDEN. Ammonia, som er ein viktig del av verdsarven på Rjukan, blei tatt av ein storm i fjor, og fekk store skadar. Nå kjem naudhjelpa. Her er Maja Foss Five på inspeksjon saman med Eystein Andersen på Kulturarv (t.v.) og fylkesdirektør Arve Semb Christoffersen (t.h.).
Foto: Kristin Berge
Universell utforming og inkludering
– Eg gler meg til å bidra til at mange spennande og viktige prosjekt kan bli realisert. Universell utforming på Øytangen på Jomfruland som opposisjonen har lagt inn pengar til, er eit av prosjekta vi skal vurdere i hovudutvalet til hausten, seier Foss Five.
Fylkestinget fann også 15 millionar til "auka inkludering, redusert utanforskap" som kommunar og frivilligheit samarbeider om.
Straumhjelp
- Auka straumkostnader er krevjande for mange, også for verksemder innan tannhelse. Derfor har vi sett av fire millionar kroner til tannhelse. Vi vil ikkje at straumrekninga skal gå ut over det gode og viktige tilbodet tannhelse gir innbyggarane i Vestfold og Telemark, seier Foss Five.
I 2021 var det eit mindreforbruk i Vestfold og Telemark fylkeskommune på 411 millionar kroner. Fylkestinget fordelte 175 millionar kroner av desse, blant anna til kulturinvesteringar.