Arbeidet med verdsarven har utvikla seg sidan Unesco-innskrivinga i 2016. Nå skal verdsarvrådet for Rjukan-Notodden Industriarv få på plass ein forvaltningsplan. Derfor hadde rådet og nettverket rundt verdsarven møte på Rjukan Admini 4.-5. mai.
Ynskjer tydeleg plan
Forvaltningsplan er noko som blir kravd av Unesco og nasjonale styremakter, og det er også ein del at partnarskapsavtala.
Verdsarvrådet ynskjer seg ein tydeleg og kort plan som er mogleg å følgje opp. Planen skal vere godkjent av partane i 2023. Det er Christine Hermansen som arbeider med saka. Ho er rådgjevar på avdelinga Kulturarv hjå Vestfold og Telemark fylkeskommune, og la fram ei skisse for arbeidet vidare.
Plan til å styre etter
– Vi ynskjer at de godkjenne denne skissa, og kjem med framlegg til tiltak. Forvaltningsplanen skal bli eit viktig styringsverktøy, som vi må skape i lag, poengterte Hermansen til rådet.
Hovudområda i planen er å stø opp under arbeidet med næringsutvikling, forsking og formidling, auke handverkarkompetanse, og ikkje minst skape eigarskap og stoltheit hjå både innbyggarar og politikarar. Målet er også at Rjukan-Notodden Industriarv skal bli kjent for folk både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Samarbeid og godt nettverk
– God kommunikasjon og tett samarbeid mellom verdsarvrådet og verdsarvsenteret Norsk industriarbeidermuseum er ein føresetnad for å få til eit reelt samarbeid, sa Hermansen.
– Vårt ynskje er at koordinatorane våre er tett på ute i kommunane. Politikarane må få vite korleis samarbeidet skal gå til, og sørge for ei forståing mellom fag og politikk, sa Gry Fuglestveit, ordførar i Notodden kommune.
Samarbeidet strekker seg lengre enn til eigarkommunane, og fleire i nettverket til verdsarven deltok i møtet. Verdsarvrådet fekk orientering av Atle Omland frå Riksantikvaren, Anna Hereid frå Norsk Industriarbeidermuseum, Liv Astrid Sverdrup frå Norges Verdensarv og Audhild Lindheim Kennedy, Kristin Ørmen Johnsen og Steffen Fagernes Johannessen frå Universitet i Sørøst-Norge, USN.
Auke forsking og kompetanse
– Alt før innskrivinga på Unesco si verdsarvliste hadde vi ei forskingsgruppe på plass for å bygge opp kompetansen på kulturfeltet, fortalde forskar Fagernes Johannessen. Han er leiar satsingsområdet Kulturarv i bruk ved USN.
– Forsking er viktig for å kunne ta vare på arven, for sjølve forvaltninga. Forskingsresultata blir svært nyttige som grunnlag i store internasjonale søknader, slo Juliana Strogan fast. Ho er verdsarvkoordinator for Vestfold og Telemark fylkeskommune.
«– Forvaltningsplanen blir grunnlaget for å sette ein offensiv mot statsbudsjett 2024-2025»
- Terje Riis-Johansen
Treng ein milliard
Fylkesordførar Terje Riis-Johnsen påpeika at Rjukan-Notodden Industriarv truleg treng så mykje som ein milliard kroner.
– Forvaltningsplanen blir grunnlaget for å sette ein offensiv mot statsbudsjett 2024-2025. Vi treng ei forteljing, ei innramming, for å skape forståing i samfunnet. Vi må snakke med dei rette personane og gjere meir av det vi alt gjer, sa han.

DRAMATISK: Tinnsjøferja Ammonia kunne gått tapt for alltid i ein uvanleg storm i fjor haust. Målet er å få ferja på Tinnsjøen. Her er Einar Gabrielsen (f.v.) i samtale med Terje Riis-Johansen og Tinn-ordførar Steinar Bergsland.
Ammonia på bølgene
Verdsarvrådet tok seg også tid til å besøke jernbaneferjene D/F Ammonia og M/F Storegut. Ammonia gjekk i rute fram til 1989, medan Storegut og togbanen blei nedlagt i 1991.
Storegut er i god form, og går i turisttrafikk på Tinnsjø sommarstid. D/F Ammonia derimot, treng overhaling etter ein storm i fjor haust. Båten heldt på å fare til sjøs og til botn, men blei redda av kaptein Tommy Leikanrud og mannskap i siste liten.
– Målet er å få Ammonia på vatnet, men ikkje som turistbåt, fortalde Einar Gabrielsen delegasjonen på synfaring. Gabrielsen er avdelingsleiar for Rjukanbanen på Norsk industriarbeidermuseum, NIA.
«– Unesco-merke på veggen, kombinert med grøn hydrogen – ja, då er vi i himmelen!»
- Rune Hellingsrud
Himmelrike
Turen gjekk også til Rjukan Næringsutvikling i Hydroparken på Rjukan. Dei er i forhandlingar med Aker Clean Hydrogen om å starte opp hydrogenfabrikk. Den første av fem planlagde.
– Her har vi produsert grøn hydrogen frå 1928, alt ligg til rette. Vi har kunnskap og kompetanse, i tillegg har vi Nel Hydrogen på Notodden som har teknologien, orienterte Rune Hellingssrud, dagleg leiar av Rjukan næringsutvikling.
Av dei 25 bygningane i Hydro-parken, er 12 ein del av verdsarven.
– Unesco-merke på veggen, kombinert med grøn hydrogen – ja, då er vi i himmelen!