Maja er ny fylkeskultursjef

Maja Foss Five sit på ein stol framom eit bilete i svartkvitt. Ho har ein rokk ved sida av seg. Foto: Vestfold og Telemark fylkeskommune.
NY KULTURSJEF: Maja Foss Five har fått stillinga som ny fylkeskultursjef i Telemark. Foto: Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Av:

Kristin Berge

Publisert:

26.06.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

– Med Maja Foss Five som kultursjef veit eg at vi får ein engasjert og motiverande kulturleiar som verkeleg brenn for heile kulturfeltet.

– Vi hadde fleire gode søkarar, likevel er det Maja vi meiner er den beste til å vere med å byggje nye Telemark fylkeskommune og til å vidareutvikle regionen vår i åra som kjem. Vi er svært glade for at ho har takka ja til å vere med på laget. Det seier Jon Steinar Tufte, påtroppande fylkessjef for samfunnsutvikling, og dermed komande leiar for den nye kultursjefen.

Frå politikk til administrasjon

Maja Foss Five (43) er frå Skien og bur i heimbyen med familien. Ho er i dag fylkespolitikar for Ap og er hovudutvalsleiar for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett. Ho er også varaordførar i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Som kultursjef skal ho leie seksjon for kultur som inkluderer fagområda fylkesbiblioteket, kulturarv, kunst og kultur, Den kulturelle skolesekken, reiseliv, idrett og friluftsliv.

– Maja har fagleg bakgrunn frå scenekunst, og gjennom karrieren som aktiv politikar har ho opparbeidd ein solid fagleg grunnmur innan heile kunst- og kulturområdet. Ho har ei svært god forståing for fylkeskommunen si rolle i spennet mellom lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, seier Tufte.

God lagspelar

–  I tillegg til brei erfaring, godt nettverk og solid kunnskap om kulturfeltet, er Maja nytenkande og strategisk. Ho kan ta avgjerder og er opptatt av handling. Ho er ein god relasjons- og nettverksbyggjar og er oppriktig interessert i godt samarbeid både med og mellom kommunar, organisasjonar og institusjonar.

«–  I tillegg til brei erfaring, godt nettverk og solid kunnskap om kulturfeltet, er Maja nytenkande og strategisk.»

- Jon Steinar Tufte

Vil nytte krafta i kulturen

Telemark har eit rikt og mangfaldig kulturliv – noko som kjenneteiknar eit velfungerande demokrati med ytringsfridom, verdiar som er under press i Europa. Kunst, kultur, idrett, friluftsliv og kulturarven vår bidreg til aktivitet, refleksjon, læring. Det er også faktorar som er viktige i arbeidet med inkludering og for å motvirke einsemd og utanforskap. Fagområdet er også viktig i eit folkehelseperspektiv, by- og stadutvikling, opplevingar, reiseliv og bulyst.

– Med Majas kunnskap, entusiasme og initiativrike nærvær veit eg at kunst og kulturfeltet vil få ytterlegare kraft til å ivareta og vidareutvikle desse viktige verdiane i fylket vårt – til gode for innbyggjarane, poengterer Tufte.

Brennande engasjement

– Eg er takknemleg for den tilliten Arbeidarpartiet har gitt meg. Eg har drive med politikk på heiltid i åtte år, det har vore eit privilegium. Men når denne sjansen til å vere med på å byggje opp nye Kultur-Telemark dukka opp, kunne eg ikkje takke nei. Eg har eit stort og brennande engasjement for heile kulturfeltet, og vi skal byggje vidare på det vi har fått til i Vestfold og Telemark fylkeskommune dei siste åtte åra, seier vår nye fylkeskultursjef.

– Eg gler meg til å jobbe saman med kommunar og kulturaktørar i fylket, seier ho.

Maja Foss Five startar i jobben etter neste fylkesting 26.-27. september.