Kriminalitet i arbeidslivet er ei utfordring, og bygg- og anleggsbransjen er særleg utsett. Offentleg sektor, partane i arbeidslivet og bygg- og anleggsbransjen har gått saman for å kjempe mot svart arbeid gjennom organisasjonen Medbyggerne. Ideen er å informere og lære opp unge om korleis arbeidslivet er og skal vere. Måndag var det fagdag for bygg- og anleggselevane ved Skogmo videregående skole i Skien.

Viktig samarbeid
– Ugreie arbeidsforhold er ei stadig utfordring, og eg er glad for at vi har fått på plass denne fagdagen og dette samarbeidet, seier Runar Pedersen. Han er avdelingsleiar ved bygg- og anlegg på Skogmo videregående skole. Kring 100 elevar frå vg1 deltok på fagdagen. Det gjorde også Skatteetaten, Arbeidstilsynet, representantar frå arbeidslivet, et regionalt verneombod, LO og Fellesforbundet.
– Det er viktig at dei får høyre dette frå andre enn oss, frå partane i arbeidslivet, seier avdelingsleiaren ved skulen.
Kring 500 handverksbedrifter og entreprenørar i Vestfold og Telemark er medlemmer av Medbyggerne som arbeider for gode haldningar, fremming av kvitt arbeid og som motarbeider arbeidslivskriminalitet.
– Sjekk kontrakten nøye!
– Kva er viktig for dykk når de kjem ut i arbeidslivet? I klasserom F 101 tok Rune Tønnesen frå Fellesforbundet imot elevar for å snakke om arbeidsmiljø, tariffavtaler og kontraktar. Det er mange bedrifter innan bygg- og anleggsbransjen som ikkje har organiserte på arbeidsplassen.
– Mange bedrifter er utan tariff, men det tyder ikkje at dei ikkje følger arbeidsmiljølova. Men ein skal passe på, for det føregår ein del som ikkje er lov, advarte han elevane. Han fortalde dei om minsteløn, løn som lærling, timelister, kontrakter og rett til feriepengar.
– Når de skal ut som lærlingar, sjekk arbeidskontraktane nøye, oppfordra han.
Vil jobbe kvitt
Seniorrådgivar hos Skatteetaten, Sissel Eilefstjønn, var også med på fagdagen.
– Eg har forklara elevane samanhengen mellom det å betale skatt og velferdssamfunnet vårt. Bidreg vi med skatt, får vi skule, sjukehus og andre goder. Vi har snakka om skattekort og frikort, restskatt og skatt til gode og kor viktig det er å handle kvitt, fortel ho.
– Vi lærer mykje i dag, både om rettar og plikter. Sjølv kjem eg til å jobbe for eit reint arbeidsliv, seier Blas Matheo Jensen Arca, elev ved bygg- og anlegg på Skogmo.
Medbyggerne starta som pilot
Opplegget til Medbyggerne i vidaregåande skule starta som eit pilotprosjekt ved Re videregående skole for to år sidan, med eit praksisnært og realistisk undervisningsopplegg for elevane. Koronaen sette ein stoppar for det planlagde opplegget, men opplegget i nå i gang igjen, med fagdagar på dei vidaregåande skulane Skogmo og Re. Tanken er at alle skular med bygg- og anleggstilbod i Vestfold og Telemark fylkeskommune skal vere med på opplegget. Håpet er at unge skal bli medvitne og bidra til eit trygt, stabilt og lovleg arbeidsliv.