I eitt år har Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark fylkeskommune arbeidd med å få fleire produksjonar på nynorsk, styrke nynorsken sin plass i tilbodet. Arbeidet har skjedd i lag med fylkeskommunane Vestland og Møre og Romsdal, Nynorsksenteret og Kulturtanken
– Den kulturelle skulesekken kan vere ein viktig aktør i arbeidet med å eksponere barn og unge for nynorsk, så dette arbeidet er viktig, seier Anne Hermansen. Ho arbeider i Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark fylkeskommune, og har vore med i arbeidsgruppa som skal sørge for meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken spesielt, og i kunst- og kulturformidling til barn og unge generelt. Deltakinga i prosjektet er forankra i vedtak i hovudutval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett.
Plukka ut sju
Ein del av arbeidet ho har gjort, er å sitje i juryen som har plukka ut sju produksjonar til vidareutvikling. Aktørane bak desse produksjonane fekk eit kunstnaropphald ved Seanse – senter for kunstproduksjon i Volda. I slutten av april blei desse produksjonane vist under ein konferanse hjå Kulturtanken i Oslo. Sandra Kolstad hadde tonesett tekstar av Jon Fosse, forfattar Geir Egil Eiksund las frå boka si Kampen, Richard Olsen og Jon Erik Myre framførte utdrag frå produksjonen Skit eller kanel, Arle Hjelmeland og Morten Skage frå Good Time Charlie baud på nynorske bluesrytmar, medan fire unge dansarar framførde danseframsyninga Hybrid/Sample-mennesket som er skapt av Belinda Braza Crew.
Samarbeid om Vinje-forfattarar
På konferansen møtte Hermansen fleire i nettverket knytt til Den kulturelle skulesekken. Blant dei var nytilsett leiar av Vinjesenteret, Petra Helgesen. Ho ser fram til å samarbeide med fylkeskommunen om nynorske produksjonar. Kollegaen hennar, Tone Slenes ved Nynorsk kultursentrum, kunne fortelje at ein produksjon om Tarjei Vesaas med forfattar og formidlar Stein Versto skal ut på vegen dette året. Det er 125 år sidan forfattaren frå Vinje blei fødd, og Isslottet er utganspunkt for produksjonen som kjem elevar i vidaregåande skule til gode.
«I tilkotsbrevet frå departementet står det at elevar skal bli betre kjent med begge målformer, så dette må vi ta på alvor,»
- Øystein Strand, direktør i Kulturtanken
Lovverket fremmar nynorsk
Heilt sidan 2001 har elevar fått kulturtilbod gjennom ordninga Den kulturelle skulesekken. Nå er det minimum to produksjonar i året. Kulturtilbodet blir organisert på fylkes- og kommunenivå. Det nasjonale overbygget til DKS er Kulturtanken.
– I tilkotsbrevet frå departementet står det at elevar skal bli betre kjent med begge målformer, så dette må vi ta på alvor, sa Øystein Strand under konferansen. Han er direktør i Kulturtanken.
– Me kan bidra til at barn og unge blir meir positive til nynorsk, at ei får lyst til å utforske målforma, sa han. Det blei også vist til læreplanverket, språklova, den siste kulturmeldinga og opplæringslova – alle seier noko om kva plass nynorsk skal ha, også som identitetsbyggar.
– Vi både skal og kan bidra til å inspirere barn og unge til å bruke nynorsk, poengterte Guro Kristin Gjøsdal, høgskulelektor ved Nynorsksenteret.