1,4 millionar til kulturvern

Gammel laftet låve
Prestegårdslåven på bygdetunet i Drangedal kommune. Foto: Drangedal bygdetunlag

Av:

Sara Wahlberg Lund

Publisert:

18.01.2022

Oppdatert:

07.06.2022 kl.12.51

I møte 16. desember 2021 vedtok hovudutval for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett å tildele tilskot frå ordninga «Midler til verneverdige kulturminner i privat eie». I alt mottok fylkeskommunen 27 søknadar om tilskot i 2021.

Det var 1 million kroner til fordeling, og det var i tillegg nytta omkring 400 000,- av tidlegare tildelt tilskot som ikkje har vore nytta.  

Det var 13 prosjekt som fekk midlar til istandsetting av verneverdige kulturminne rundt om i fylket. Eitt av prosjekta som fekk tilskot er Prestegårdslåven på bygdetunet i Drangedal kommune. Prestegardslåven er lafta og oppført rundt 1770. Opphavleg stod den på prestegarden i Drangedal, men blei etter kvart flytta til bygdetunet. Noverande tak i teglstein er i dårleg stand og har lekkasjar. Det er tildelt 150 000,- til antikvariske meirkostnader ved omlegging av taket.

Det er Drangedal bygdetunlag som er ansvarleg for vedlikehaldet av bygningsmassane på bygdetunet. Vi gleder oss til å følgje  alle prosjekta som har fått støtte.

Dei andre som har fått tilskot finn du her:

Oversyn over søknadar som fylkesdirektøren tilrår å gje tilskot til.

Det kan søkast om tilskot for prosjekter i 2022 her.