Det sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) i ei rosande tale då han opna Fylkessenteret i Seljord måndag.
– Legg fylke og stat til rette for utvikling, er det mogleg å få ting til, det ser vi her i Seljord. Gode tenester, tryggleik og arbeidsplassar er nødvendig for å skape eit levande og aktivt samfunn. Regjeringa vår ønsker desentraliserte arbeidsplassar, også statlege stillingar som departementsjobbar. Det er mogleg, slik kan vi utvikle heile Noreg, sa kommunal- og distriktsministeren.
– Dette senteret er bra for både Seljord og omkringliggjande kommunar, la han til.
«Senteret er bra for både Seljord og omkringliggjande kommunar»
- Sigbjørn Gjelsvik

Gjort ord til handling
Klasseroma på den tidlegare vidaregåande skulen i Seljord har blitt til moderne og lyse kontorlokale, og matrommet som ligg sørvendt og lunt til var dekka og dukka til høgtidleg opning 27. februar. Vedtaket om at skulen skulle leggjast ned, og at det skulle bli etablert arbeidsplassar i eit fylkessenter, blei fatta i 2020.
– Det er mange ting det er lettare å snakke om enn å gjere det. Ein av dei tinga er distriktsutvikling, men her meiner eg vi har noko relevant å vise til. Vi har gjort ord til handling, sa fylkesordførar Terje Riis-Johansen (Sp).
Målet er at det skal vere minst 20 arbeidsplassar i Seljord.
– Me kunne vald å flytte ei avdeling hit, i staden valde vi at folk som ynskte det kunne jobbe her. I tillegg til friviljug flytting, lyser vi ut nye stillingar her, sa han.
– Me håpar dette er noko vi vil sjå meir av framover.

Kompetanse og engasjement
Blant gjestene under opninga av Fylkessenteret i Seljord, var blant andre ordførarane i Seljord, Kviteseid, Tokke, Nissedal, Hjartdal og Midt-Telemark. Gjest var også fungerande statsforvaltar Fred Iver Syrstad, rådmannen i Seljord Rikke Syvertsen Raknes, stortingsrepresentant Tobias Drevland Lund og sjølvsagt alle dei tilsette ved senteret.
– Det er viktig at fylket no kan rekruttere frå heile fylket, med dette senteret kan vi sikre oss viktig kompetanse og engasjerte tilsette, sa Johannes Rindal, som er leiar for det nye senteret.
– Dette er nybrottsarbeid, og både Hallingdal- og Ringerike-regionen har tatt kontakt med oss. Dei ser til oss når Viken også skal dele seg, og kjem hit for å høyre korleis vi har gjort det, fortalde han.

Ros til politikarane
– Denne etableringa er klok og framtidsretta, eg er stolt over at vi får ei slik nyvinning til kommunen, og vil rose politikarar i Vestfold og Telemark ofr å ha gått for denne satsinga, sa Seljord-ordførar Sondre Aasen og ynskte statlege initiativ og arbeidsplassar velkomne.
– Her er det er meir plass og ledige lokale, inviterte han.
Blant gjestene var det blant andre politikarar, tilsette i fylkeskommunen, fylkesdirektør og rådmann, ordførarar og ein stortingsrepresentant: