Norge Rundt filmar frå Spikk

To menn og en kvinne smiler, og har med seg kamera og mikrofon.
Foto: Anne Hermansen

Av:

Marius Strandgård Baun

Publisert:

19.09.2023

Oppdatert:

20.09.2023 kl.15.59

Norge Rundt sender frå skuletilbodet Spikk! på Nutheim førstkomande fredag.

Det populære TV-programmet Norge Rundt sender fredag frå Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark. Det er Nutheim Kunstsenter i Flatdal som er arena, og tilbodet "Spikk! - Sjølvportrett og ramme" er plattforma for sendinga. 

- Norge Rundt er framleis eit av dei mest populære programma til NRK, og vi i Den kulturelle skulesekken synest det er stas at dei har vald å lage program frå eit av våre tilbod, seier Anette Storli Andersen. Ho er teamleiar for Den kulturelle skulesekken i Vestfold og Telemark. 

«... det er stas at dei har vald å lage program frå eit av våre tilbod»

- Anette Storli Andersen

"Spikk! - Sjølvportrett og ramme" er eit tilbod til nokre vidaregåande klasser. Tysdag var det elevar frå kunst, handverk og arkitekttur ved Porsgrunn videregående skole som fekk tilbodet. Dermed er det dei elevane vi møter i beste sendetid på fredag. 

Les meir om "Spikk! - Sjølvportrett og ramme" her. 

Norge Rundt 2.jpg
LIVAT I ATELIERET: Torhild Grøstad tok imot både elevar og Norge Rundt-teamet i atelieret på Nutheim. Atelieret far hennar Terje Grøstad, bygde og brukte. Foto: Anne Hermansen