Jahn Pettersen (57) frå Larvik er tilsett som ny leiar for seksjonen arkiv- og dokumenthandtering i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Han er på plass 2. mai.
Brei erfaring
Pettersen kjem frå stillinga som seksjonsleiar for dokumentsenteret i Sandefjord, og har også anna erfaring frå liknande arbeid. Som avdelingsleiar i Stokke kommune leidde han arbeidet med å slå saman arkiva i Sandefjord, Stokke og Andebu i 2016.
– Det var eit ekstremt lærerikt prosjektarbeid, og blir det fylkesdeling trur eg vi kan møte på litt av dei same utfordringane, sjølv om det blir med eit anna forteikn, legg han til. Pettersen har også arkiverfaring frå DSB, Bufetat og Avinor. Administrativ erfaring som offiser i forsvaret er også på CV-en.
Freista av arbeidsforma
– Organiseringa i fylkeskommunen trigga fagmenneske i meg. Det at arkiv og dokumentsenter er ein av fire seksjonar, og med mange faglege treffpunkt med IT og digitalisering – ja, det var nok det som, og gjorde til at eg søkte jobben. Det at VTFK blei kåra til årets arkiv i 2021 var sjølvsagt også ein motivasjonsfaktor – det seier mykje positivt om kompetansen innan eininga, legg han til.
«At VTFK blei kåra til årets arkiv i 2021 var sjølvsagt også ein motivasjonsfaktor»
- Jahn Pettersen
Kontor i Skien
Jahn Pettersen overtek etter Vanja Valjord Christensen som sa opp stillinga si som seksjonsleiar i fjor, for å byrje i Vigo. Pettersen får kontorstad i fylkeshuset T18 i Skien og er altså på plass i mai.