Nye seksjonsleiarar på plass

To portrett av menn forteller at nye seksjonsledere er på plass i Telemark fylkeskommune.
Bård Sæthre (t.v.) og Tor Arne Hellkås har takka ja til å vere seksjonsleiarar i nye Telemark fylkeskommune. Foto: Privat

Av:

Kristin Berge

Publisert:

27.06.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Brikkene byrjar å kome på plass i nye Telemark fylkeskommune. No har Tor Arne Hellkås og Bård Sæthre takka ja til å vere seksjonsleiarar.

Tor Arne Hellkås har takka ja til stillinga som seksjonsleiar for samfunn og plan. Han er utdanna cand.jur. og har i tillegg 2 års utdanning innan dataingeniørfaget. Han har tidlegare jobba som juridisk rådgivar for Skien kommune og juridisk rådgivar for Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. I dag jobbar han som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Hjartdal kommune, ei stilling han har hatt sidan september 2019.

Solid fagleg ståstad

Tor Arne har både juridisk bakgrunn og erfaring. Relevant lov- og planverk har vore eit sentralt ansvarsområde gjennom heile yrkeslivet hans.

– Tor Arne har ein solid fagleg ståstad med høgst relevant fagbakgrunn innan juss, og fleire års relevant erfaring med planarbeid frå tidlegare stillingar som juridisk rådgivar, og noverande stilling som kommunalsjef samfunnsutvikling i Hjartdal kommune, seier Jon Steinar Tufte. Han er påtroppande fylkessjef for samfunnsutvikling, og dermed Hellkås sin overordna.

– Tor Arne verkar strukturert, strategisk, relasjonsbyggjande og med god evne til å sjå samanhengar. Han blir omtala som fagleg sterk, interessert, heilskapstenkjande, og med god evne til å byggje relasjonar og nettverk. Han blir også omtala som ein lyttande, tillitsskapande og engasjerande leiar som ser sine tilsette, stiller tydelege forventningar, og som har god evne til å få folk med seg, seier Tufte.

Brei erfaring

Bård Sæthre har takk ja til stillinga som seksjonsleiar for klima, næring og innovasjon. Han har ei doktorgrad i industriell kjemi, og dessutan mastergrad i prosjektleiing og styreleiing.

Han har tidlegare vore Vice President Business i Hydro Polymers og VP business development i Scatec. Bård arbeider i dag som dagleg leiar i Kinera AS.

– Bård kan vise til god erfaring med entreprenørskap og innovasjonsprosessar gjennom eiga gründerverksemd. Han har også fleire års erfaring med fornybar energi og berekraftige teknologiar, blant anna frå stillingar i Hydro Polymers, Scatec og Kinera, seier Tufte.

– Bård står fram som ein trygg og tydeleg leiar som er sterk på relasjonsbygging. Han er faktabasert, samtidig som han verkar resultatorientert, strategisk og nytenkjande. Han kan beskrivast som ein analytisk, strategisk, og kreativ person som har mykje driv, er flink med menneske og viser mykje entusiasme for arbeidet. Han er omgjengeleg, inkluderande og tilgjengeleg, men også ein som stiller tydelege krav til seg sjølv og omgivnadene, seier den komande fylkessjefen for samfunnsutvikling.