Siv Reidun Eide (55) har vore tilsett ved Vest-Telemark vidaregåande skule sidan 2001, og har dei siste ti åra arbeidd som studie-/og avdelingsleiar ved skulen. Ho er for tida konstituert i stillinga som rektor på Vest-Telemark vidaregåande skule, og avsluttar ein mastergrad i skuleleiing denne våren.
- Eg er svært glad for at Siv Reidun har takka ja til stillinga. Ho kjenner skulen godt og er brennande engasjert i utviklinga hjå elevane, både fagleg og sosialt. Ho er skulefagleg sterk og har gjennom mange år vist stor vilje og evne til å utvikle skulen. Eg er trygg på at ho, saman med det gode laget ved skulen, vil leie skulen godt mot framtidige mål til det aller beste både for elevar og samfunnet i Tokke og kommunane rundt, seier direktør for opplæring og folkehelse i Vestfold og Telemark fylkeskommune, Helge Galdal.
Siv Reidun Eide ser fram til å fortsette i arbeidet ved skulen.
- Det er med stor glede, entusiasme og ei viss ærefrykt eg har takka ja til tilbodet om rektorstilling ved Vest-Telemark vidaregåande skule. Eg håpar at elevar, tilsette og eg – i samarbeid, skal greie å halde fram med dei gode resultata skulen har oppnådd, og også på ein god måte ta tak i utfordringar som ligg framfor oss. Vi skal ruste skulen for framtida. Eg gler meg til å ta fatt på jobben, for eg veit at eg på alle område har eit flott lag med meg, som kvar og ein jobbar etter visjonen til skulen: «Alle kan – me hjelper deg fram.»
Sidan Siv Reidun Eide er konstituert i rolla som rektor, startar ho i den faste stillinga som rektor med ein gong. Formell og praktisk oppstartsdato er 1. mars.