Over 40 utdanningstilbod til vaksne

Vestfold og Telemark har mange tilbod til vaksne som treng vidaregåande opplæring.
Mange vaksne får hjelp frå fylkeskommunene til å ta vidaregåande utdanning. Foto: Getty Images
Mange vaksne får hjelp frå fylkeskommunene til å ta vidaregåande utdanning. Foto: Getty Images

Blant tilboda er "Fleksibel opplæring" og "Menn i helse", som er eit samarbeid med Nav.

"Fleksibel opplæring" er tiltenkt arbeidsledige over 19 år. Opplegget er ein fleksibel veg til fagbrev. Programfaga på vg1 og vg2 blir avvikla på eitt skuleår. I løpet av tre år, eller kortare, kan fagbrevet vere i boks.

Utdanningstilboda blir justert etter behovet for arbeidskraft. Nav og Vestfold og Telemark fylkeskommune finn saman ut kva det er behov for. Opplæring i nye fag startar fortløpande.

Utdanningstilboda er tatt til orientering av yrkesopplæringsnemnda 29. mars og skal til endeleg handsaming i hovudutval for utdanning og kompetanse 6. april 2022. 

Sjå sakspapir med oversikt over utdanningstilboda for vaksenopplæringa 2022-23 her.

Påbygg på fagbrevet

Har du bestått fag- eller svennebrev, kan du nå ta påbygg til generell studiekompetanse ved sidan av jobb. Det skjer på ettermiddag og kveld og varer i to år.

Dei som tilbyr dette til hausten, er Kompetansebyggeren i Tønsberg, Skien videregående skole og nettbasert undervisning ved Notodden videregående skole.

Nokre usikre tilbod

Over 40 fagtilbod er vi sikre på at kjem i gang. Nokre tilbod er usikre.

– Størst utfordring har vi med hudpleiefaget som vi tenkte å flytte frå Bamble videregående skole til Kompetansebyggeren i Tønsberg, seier Ben Ståle Leirvåg. Han er seksjonsleiar for inntak, eksamen og vaksenopplæring.

Andre tilbod som er usikre er restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag ved Sandefjord videregående skole. Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign ved Porsgrunn videregående skole og helse- og oppvekstfag ved Kragerø videregående skole er også usikre. 

Plassmangel

– Det er dessverre ikkje plass til hudpleie på Kompetansebyggeren, med mindre vi bygger om. Det vil gje oss ein kostnad på 11-12 millionar kroner. Det er ikkje innanfor budsjettet vårt, seier seksjonsleiaren.

– Vi undersøker om vi klarer å starte vg2 hudpleie frå hausten. Det vil ta litt tid før alt er avklart og om vi får det til. Vi informerer aktuelle kandidatar så snart vi veit, seier han.

Utbygging av Slippen på Notodden har heller ikkje plass i økonomiplanene. Vaksenopplæringa på Notodden videregående skole har svært liten plass, og behov om utviding er meldt inn.

Menn i helse

Behovet for å få fleire menn inn i helsefaga er teke på alvor av Vestfold og Telemark fylkeskommune og Nav. Opplegget "Menn i helse" gjev deltakarane tittelen «helserekrutt». Det er eit komprimert utdanningsløp fram til fagbrev som helsefagarbeidar. Tilbodet blir gjeve til menn mellom 25-55 år, som er registrert arbeidsledige hos Nav.

Helserekruttane vekslar mellom å motta ytingar frå Nav og løn frå kommunen. "Menn i helse" er også eit resultat av godt samarbeid mellom Nav, fylkeskommunen og kommunane.

Komande skuleår blir opplæringstilbodet "Menn i helse" gjeve ved Notodden videregående skole og Kompetansebyggeren i Tønsberg er også usikre.

Fakta om vaksenopplæring

  • Fylkeskommunen skal gjere det mogleg for vaksne å ta vidaregåande opplæring frå det året dei fyller 25 år. Det gjeld for dei som ikkje har tatt det før.

  • Innan yrkesfag blir moglegheiter for læreplass og arbeidsmarknadens behov vektlagt før opplæringstilbod blir starta opp. Behovet blir kartlagt i lag med fagopplæring, opplæringskontora og Nav.

  • Opplæringa skal tilpassast den enkelte, og alle søkarar får tilbod om informasjon, rettleiing, kartlegging og realkompetansevurdering.

  • Tilboda i oversikten datert april 2022, kan endre seg til hausten. Vi må minst ha elleve søkarar for å starte opp eit tilbod.

Publisert: 30.03.2022 Oppdatert: 23.08.2023 kl.08.18