Samarbeidserklæringa vart signert av fylkesordførar Terje Riis-Johansen på vegne av Vestfold og Telemark fylkeskommune og leiar i Vestfold og Telemark Bondelag Aslak Snarteland.
Samarbeid om felles aktivitetar
Målet er å samarbeide om å bidra til verdiskaping gjennom grøn omstilling i Vestfold og Telemark, gjennom felles aktivitetar i tråd med berekraftsmåla til FN om kutt i klimautsleppa og samarbeid om å nå måla.
-Landbruket er ei viktig næring i arbeidet med klima og berekraft, sidan dei er ein føresetnad for at vi har trygg og miljøvennleg produksjon av mat. Samstundes har landbruket som næring også mange mogelegheiter for å bidra til å kutte klimautslepp. At vi får til eit samarbeid mellom nettverket og bøndene i fylket om både erfaring og løysingar, er svært positivt, seier Linn Johnsen, leiar i klima- og energinettverket.
Nettverket skal også hjelpe dei bøndene som ynskjer med å kome i gang med klimarapportering.
-Vi er svært glade for å ha inngått samarbeid med klima- og energinettverket, og ser fram til å lære meir om dei gode grønne løysingane og bidra inn med erfaringane og løysingane landbruket har i klimaspørsmål, seier Snarteland, leiar i Vestfold og Telemark Bondelag.
Over 50 medlemmer det første året
Klima- og energinettverket skal vere ein arena for samarbeid, og for utveksling av erfaringar, kunnskap og løysingar mellom offentlege verksemder og det private næringslivet. Klima- og energinettverket starta opp 30. oktober i fjor og har allereie 50 medlemmer frå både offentleg og privat sektor. Det er allereie inngått samarbeidserklæringar med Bygg i Tre, No Waste og Inudstrial Green Tech. Samarbeidserklæringa med Vestfold og Telemark Bondelag er den fjerde samarbeidserklæringa nettverket har inngått.