Alexander skal til Skole-NM

Kokkelever smiler etter å ha konkurrert i kokkefaget.
Alexander Weigert (t.h.) slo Adam Evensen (t.v.) i kokkefaget, det avgjorde dommar Ian Eric Petersen. Foto: Anders Palmer Holmen, Vestfold og Telemark fylkeskommune

Av:

Kristin Berge

Publisert:

16.02.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Skule- og fylkesmeisterskap i yrkesfag er alt i gang, 31 elevar i 18 fag kvalifiserer seg til Skole-NM 12.-13. april. Kokk Alexander Weigert er NM-klar, og drar til Bergen med servitør William Dag Hansen.

– Dersom det berre er deltakarar frå ein skule, blir det skulemeisterskap. I dei faga der fleire skular er påmelde, blir det fylkesmeisterskap, seier Jeanne M. Finsrud, rådgivar i fag- og yrkesopplæring i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

I tømrarfaget er det som regel mange skular som konkurrerer. I år er elevar frå skulane Thor Heyerdal, Nome, Gjennestad, Re og Skogmo påmelde til fylkesmeisterkapet 1. mars på Thor Heyerdahl vgs. i Larvik. Vinnaren går vidare til Skole-NM på Gjennestad i april.

I tillegg til tømrarfaget blir det fylkesmeisterskap i ambulansefaget, kokkefaget, manuell maskinering og industrimekanikarfaget.

Fylkesmesterskap 1 (2).jpg
GÅR VIDARE: Alexander Weigert er i gang med vinnarmaten. 

Fylkesmeister i kokkefaget

På Greveskogen videregående skole var fylkesmeisterskapet i kokkefaget 15. februar. Der var det to kokkar som konkurrerte - Alexander Weigert frå Greveskogen videregående skole og Adam Evensen frå Thor Heyerdahl videregående skole. 
Dei trylla fram freistande rettar, men dommarane Ian Eric Petersen og John Tore Frydenlund meinte Alexander hadde krydra best. Alexander må dermed førebu seg til Skole-NM på Sandsli videregående skole i Bergen 12.-13. april. 
Frå servitørfaget skal William Dag Hansen konkurrere i Skole-NM i Bergen. Han er også elev ved Greveskogen.

- For å vinne må kandidatane oppfylle mange kriterier. Dei blir vurderte etter hygiene, reinhald, orden og HMS, korrekt yrkesmessig handverk, råvarebehandling og utnytting av råvarer, anretning, presentasjon, kreativitet og smak, fortel Trond Andersen, fagkoordinator på restaurant og matfag ved Greveskogen vgs. 

Greveskogen 4 b.jpg
FLOTT MENY: Kanskje dette er dagens middag? 

Her er ein oversikt over skulemeisterskap:

Horten: mediedesign, innhaldsproduksjonsfaget og frisørfaget
Greveskogen: kokkefaget og servitørfaget
Kragerø: sveisefaget
Re: anleggsteknikk
Skogmo: røyrleggjarfaget, automatiseringsfaget og betongfaget
Gjennestad: anleggsgartnarfaget
Sandefjord: salsfaget
Vest Telemark: elektro
Thor Heyerdahl: snekkarfaget

 

Skole-NM på tre skoler

Skole-NM blir arrangert på 13 skular rundt om i landet. Tre av skulane våre er arrangørar 12.-13. april. Det er Gjennestad som skal ha NM for faga tømrar og anleggsgartnar. Skogmo er vertskap for konkurransar i automatiseringsfaget, røyrleggarfaget, murar og flisleggjarfaget, betongfaget og manuell maskinering. Thor Heyerdahl inviterer til tevling i snekkarfaget.

– 31 har meldt seg på til skule- og fylkesmeisterskapa. Det er nok mange spente elevar rundt om på skulane i desse dagar. Det er moro å kome til Skole-NM, og for mange er det ein motivasjon for å jobbe ekstra godt med faget sitt, seier Finsrud. Ho gratulerer dei to elevane ved Greveskogen videregående skole som alt har kvalifisert seg til Skole-NM 

Søkjelys på yrkesfaga

Den ideelle organisasjonen WorldSkills Norway, WSN, arrangerer Skole-NM i lag med skulane. WSN arbeider med å fremme yrkesfaga, auke kvaliteten på desse og få fleire til velje yrkesutdanning. Kring 80 land er med i WorldSkills International, og er den einaste organisasjonen som arbeider med rekruttering til yrkesfag.

Skole-NM 2023 (worldskills.no)

Les også Imre Stenrud som vann fjorårets Skole-NM i tømrarfaget. Han var elev ved Skogmo videregående skole. Vestfold og Telemark fylkeskommune - – Yrkesfag er moro og kult (vtfk.no)

Sjå fleire bilete frå fylkesmeisterskapet i kokkefaget på Greveskogen videregående skole: Alle foto: Anders Palmer Holmen, Vestfold og Telemark fylkeskommune. 

Fylkesmesterskap 2.jpgGreveskogen 5 b.jpgGreveskogen 6b.jpgFylkesmesterskap 1 (6).jpgWilliam Dag Hansen servitør.jpgFylkesmesterskap 1 (5).jpgFylkesmesterskap 1 (4).jpgFylkesmesterskap 1 (3).jpgFylkesmesterskap 1 (2).jpgFylkesmesterskap 1 (1).jpg