– Hovudutval for næring- og reiseliv har vedtatt å løyve gode 2,6 millionar kroner til arbeid som vil auke inkludering og sysselsetting. Hovudutvalet ser for seg at målgruppene for ordningane kan få auka sine føresetnader for aktiv deltaking i samfunn og arbeidsliv, seier Liv Marit Hansen, seksjonsleiar for kompetanseutvikling og inkludering i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Dei tre ordningane de kan søke på, er
- tilskot for inkludering og redusert utanforskap (TIRU)
- tilskot for mentor- og trainee
- tilskot for etableraropplæring for innvandrarar
«– I 2021 var det stor breidde i kva type prosjekt som fekk støtte.»
- Kjersti Isachsen
Redusere utanforskap
Målet med tilskot for inkludering og redusert utanforskap er å styrke moglegheitene til utsette grupper slik at dei får gjennomført utdanning og kjem seg i arbeid. Både offentlege og private aktørar kan søke om stønad frå ordninga som har ein million kroner til fordeling. Tiltaka skal vere eit supplement til offentleg tilbod, og kan til dømes vere opplæring og kursing. Brukarmedverknad og likeverd står sentralt.
Målgruppene kan vere unge utan arbeid og utdanning. Arbeidstiltak og tiltak som fører til høgare sysselsetting kan også få stønad frå ordninga. Det kan også opplegg som fører til at det blir enklare for menneske med fleirkulturell bakgrunn å bli inkludert i samfunns- og arbeidsliv.
– I 2021 var det stor breidde i kva type prosjekt som fekk støtte. På vtfk.no kan interesserte få et godt innblikk i denne bredden sier Kjersti Isachsen.
Sjå kva prosjekt som fekk støtte i 2021.
Inkludering i arbeidslivet
Mentor- og traineeordninga for innvandrarar er ei tilskotsordning som skal rettast mot tiltak som aukar sjansen for at innvandrarar å bli inkludert i arbeidslivet. Målet er at kvalifikasjonar og potensiale innvandrarar har, kjem til nytte. Det kan vere ein nytteverdi for dei personane det gjeld, men også for samfunnet. Verksemder og organisasjonar kan søke på potten som er på 805.000 kroner.
Etableraropplæring for innvandrarar
Målet med tilskotsordninga etableraropplæring for innvandrarar er å styrke og utvikle det ordinære tilbodet om etableraropplæring. Håpet er at det kan bli lagt betre til rette for etablerarverksemder for innvandrarar, og med det auke sysselsetting og vekst. Verksemder og organisasjoner i privat og offentleg sektor som har eller vil legge til rette for etableraropplæring kan søke om tildeling frå potten på 805.000 kroner.
Solid verdiskaping
– Det skaper verdiar på fleire nivå når menneske med fleirkulturell bakgrunn etablerer bedrifter. Nye bedrifter medfører økonomisk vekst og sysselsetting i seg sjølv, og arbeidsløysa går ned både i form sjølv-tilsetting, og at bedriftene skaper nye arbeidsplassar. I tillegg kan handelen mellom Noreg og utlandet auke. Behov og marknader oppstår, nye produkt blir produsert – ja, dette kan vere starten på godt inovasjonsarbeid, seier Rebeka Dawn Holmes-Farmen
Få informasjon på digitalt møte
Treng du tips til korleis du skal søke, eller meir informasjon om ordningane?
Les meir om tilskotsordningane på heimesida til fylkeskommunen
Du kan også delta på eit digitalt informasjonsmøte onsdag 16. februar kl. 12-13.
Her kan du melde deg på informasjonsmøtet
– Det kan vere mange spørsmål som dukkar opp i søkeprosessen, men vi vil gjerne hjelpe, seier Holmes-Farmen
Bruk denne lenka for å søke tilskotsordningar:
Du kan også ta direkte kontakt med oss:
Ta kontakt med Kjersti Isachsen kjersti.isachsen@vtfk.no for tilskot for inkludering og redusert utanforskap.
Ta kontakt med Lailo Merganova lailo.merganova@vtfk.no for tilskot om mentor- og trainee.
Ta kontakt med Rebeka Dawn Holmes-Farmen rebeka.holmes-farmen@vtfk.no om etableraropplæring for innvandrarar.