- Det er ofte så lite som skal til. Derfor tilbyr Vestfold og Telemark fylkeskommune sommarskule for elevar og lærlingar i fylket som manglar standpunktkarakter, har fått ikkje vurdert (IV) eller har stroke på eksamen, fortel Erla Hronn Jonsdottir, rådgivar på seksjonen for Opplæring og folkehelse i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
I Skien og Sandefjord
Tilbodet er gratis og gjeld for elevar i heile fylket, men sommarskulen blir halden på Skogmo videregående skole i Skien og på Sandefjord videregående skole.
- Det er i faga matematikk og naturfag frå Vg1 yrkesfag det er mogleg å ta opp att karakteren, og ein kan berre delta i eit av faga, seier Jonsdottir.
Kurset varer i to veker, byrjar 21. juni, og avsluttast med eksamen 2. juli. Fristen for å melde seg på er 1. juni, men elever som ikkje får bestått i standpunkt i naturfag, kan melde seg på fram til kursstart.
Gratis frukost og lunsj
- Vi startar med god frukost, og held på til klokka 15.00 kvar dag. Med lunsj midt på dagen, håpar vi dette blir både trivelege og nyttige veker, lokkar rådgivaren og gjentek at alt er gratis, både kurset og maten. Men elevar som ikkje bur i nærleiken, og treng overnatting, må ordne det sjølve.
Kursa er altså både for elevar og lærlingar, men tilbodet innan matematikk gjeld ikkje for elevar som går ut av Vg1 i år.
- Vi håpar på fulle klasser, og at koronasituasjonen tillet gjennomføring, seier Jonsdottir.
For meir informasjon, se: Vestfold og Telemark fylkeskommune - Sommerskolen (vtfk.no)
Du kan også ta kontakt med:
Erla Hronn Jonsdottir
Rådgivar
Pedagogisk støtte og utvikling, Opplæring og folkehelse
Mobil: 40 84 82 92