Det er den lokale entreprenøren Sør entreprenør AS som er tildelt kontrakten for å byggje om Ravnejuvsvingen slik at han igjen blir trygg. Arbeidet er omfattande samtidig som at terrenget er svært bratt i tillegg til at det er trongt om plassen på staden.
Informasjonstavler
- Dei første tre vekene etter påske vil vegen vere heilt stengt, deretter er planen at entreprenøren kan sleppe igjennom trafikk ein time morgon og kveld i så stor utstrekking som mogleg, seier byggjeleiar Morten Øverbø i Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Opningstidene vil bli varsla på informasjonstavler som blir sette opp både i botnen av Eidsborgberget på Dalen og ved krysset med E134 på Høydalsmo. Planen er å prøve å halde open mellom 07-08 morgon og 15-16 på ettermiddag, etter dei første tre vekene med full stenging.
Enkelte veker kan det likevel bli nødvendig å halde heilt stengt på grunn forholda på staden.
Sommeropen
Opningane gjeld berre køyretøy opp til 3,5 tonn totalvekt.
Eidsborgberget er veldig bratt der vegen er laga til, det gjer arbeidet ekstra utfordrande. Løysinga som er vald blir å sprengje seg inn i fjellet både før og etter dagens sving slik at det blir ein heilt ny sving lenger inn i fjellet. Til erstatning for den gamle muren vil det no bli støypt ein knapt fem meter høg mur i betong. Muren vil bli plassert på ei vassrett betongplate som festes med kraftige boltar til fjellet.
Det er tryggleiken både til dei som skal jobbe med vegen og til dei vegfarande som gjer det nødvendig å stengje. Vegen vil derfor også vere stengd for så vel syklistar som gåande i tillegg til annan trafikk.
- I sommar skal vegen vêr open i heile juli før me gyv laus igjen i august. Entreprenøren skal vere ferdig med heile arbeidet i november, seier byggjeleiar Morten Øverbø.