Tilskotet til det som blir kalla «ikkje lovpålagde båtruter på kyst og innland» blei vedtatt fordelt 2. februar og i starten av mars gjekk klagefrist ut og siste tilskot blei tildelt til Venneforeningen Magnus som køyrer ruta Nisser-Vråvatn.
– Fylkeskommunen si rolle er å legge til rette for attraksjonsbygging, seier Tone Berge Hansen (Ap) som er leiar for hovudutval for næring og reiseliv.
Søknader på 4,8 mill.
I alt kom det søknader som svara til 4, 8 millionar kroner, men politikarane rådde berre over to millionar kroner, og gjekk for innstillinga frå administrasjonen.
– Vi ser desse båttilboda i samanheng med å legge til rette for næringsutvikling og gje dei som ikkje har båt moglegheit til opplevingar i skjergarden og innlandsvatn, seier Berge Hansen og er glad for at fylkeskommunen kan stimulerer til at attraksjonar i fylket blir endå meir attraktive.
«Fylkeskommunen si rolle er å legge til rette for attraksjonsbygging»
- Tone Berge Hansen
Kom utan bil
– Sjå for deg at du kjem utan bil til fylket vårt, at du vil nytte deg av det kollektive nettet, inkludert båtane, drodlar Karl-Otto Mauland som er rådgivar for næringsutvikling og entreprenørskap i fylkesadministrasjonen. Han la fram saka for politikarane i februar.
– Du kjem med toget til Sande, tar sykkel til Holmestrand, held han fram.
– Der går båten til Langøya. Du kjem deg tilbake til land, syklar lags kysten til vikingattaksjonane og Munch hus i Horten. Videre Ole III frå Husvik til Husøy og syklar til Verdens Ende og tar båt til Færder fyr. Dreg til Veierland, Sandefjord, Larvik, Stavern med en båttur til Svenner fyr så til Helgeroa. Derfrå går Helgeroafergene til Langesund. Derfrå køyrer Kragerø fjordbåtselskap til Jomfruland og Kragerø. Kanskje kjem du deg til Skien, tar telemarksbåten til Dalen for du vil til fjells, til Møsvatn og Skinnarbu. Du vil ta Fjellvåken til Mogen. Det er så mange moglegheiter, og med tilskot til desse båtane er vi med å legge til rette for reiselivsaktørar, seier han.
Kople med kultur og aktivitet
Innimellom transportetappane og øyhoppinga kan turistar nytte seg av padleleden fylkeskommunen har lagt til rette for, med padlehukar frå Nome til Færder. Pilegrimsleden på 110 km gjennom fylket kan reiselivsnæringa også kan ta med i planane sine.
– Kulturhistorie og friluftsliv, sett saman med båtturar, sykling, padling og vandring – det er mange attraksjonar fylkeskommunen bygger opp under, konstaterer Berge Hansen.
Legg båtstrategi
Før sommaren skal politikarane sjå på regional strategi for båt og ferje. Den har vore ute på høyring. Ynskje er at dei ikkje lovpålagde rutene skal forankrast i denne planen. For det har kome klare tilbakemeldingar om behov for meir langsiktigheit i tilskotsordninga, mellom anna for å kunne investere i meir klima- og miljøvenleg båtmateriell. Det er også i tråd med den nye regionale strategien for reiseliv og opplevingar, der er målsettinga å satse på grøne reiseformer for å redusere klimaavtrykket.
Åtte turistruter
Desse får stønad frå ordninga «ikkje lovpålagde båtruter på kyst og innland»:
1. Tønsberg kommune, 150.000 kr. til ruta Husøy-Husvik
2. Helgeroafergene AS, 450.000 kr. til ruta Helgeroa-Langesund
3. Kragerø fjordbåtselskap IKS, 300.000 kr. til ruta Langesund-Jomfruland-Kragerø
4. Venneforeningen Magnus, 100.000 kr. til ruta Nisser-Vråvatn
5. Holmestrand kommune, 100.000 kr. til ruta Holmestrand-Langøya
6. Fjellvåken AS, 200.000 kr. til ruta Skinnarbu-Mogen
7. Bolærnebåtene AS, 320.000 kr. til ruta Verdens Ende-Færder fyr
8. Flybåten AS med 380.000 kr. til ruta Stavern-Larvik-Malmøya-Svenner-Stavernodden-Stavern