Frå komande haust tilbyr Voksenopplæringen i Vestfold og Telemark fylkeskommune påbygg til generell studiekompetanse etter bestått fagbrev. Tilbodet er lagt opp slik at du kan ta det ved sida av jobb.
Kan gi råd
- Dette tilbodet gir auka valfridom til å halde fram i jobb og samstundes ta påbygg til generell studiekompetanse, fortel Bina Døli Mortensen, rådgivar i Team voksenopplæring og Telemark fylkeskommune. Dette teamet kan gje deg meir informasjon om vaksenopplæring dersom du treng det, eller om du har behov for realkompetansevurdering eller rettleiing.
Fleire studiestader
Dette tilbodet om generell studiekompetanse blir gitt ved fleire studiestader i fylket. Kompetansebyggeren i Tønsberg og Skien videregående skole er dei fysiske arenaene, medan du kan ta studiet nettbasert på Notodden videregående skole.
To år på kveldstid
Opplæringa varer i to år, og vil føregå på ettermiddag og kveld.
- Dei som ønsker dette tilbodet søker i vigo.no på lenka Voksenopplæring eller realkompetanse.
Har du ein jobb som gjer det mogleg å ta generell studiekompetanse på dagtid, er det fleire skular som tilbyr det.
- Dei som ønsker eit dagtilbod søker seg inn i vigo.no på lenka Videregående opplæring i skole/bedrift, opplyser Døli Mortensen.
Søknadsfrist for dette tilbodet er 1. mars.