Då Erik Eikehaug fekk telefon frå fylkeskommunen trudde han at han hadde unnlate å betale skatt eller noko.
- Då tanken gjekk frå å bli kasta i fengsel til at eg hadde vunne ein litteraturpris, var det berre glede, sa den fornøgde prisvinnaren. Han synest også det var fint å få ein pris utan å vere nominert, sleppe konkurransen. Han tulla også med kor ekslusiv prisen var, og at faktisk er ein av to som får akkurat denne prisen.
Det var under opningsframsyninga på Kimen litteraturfestival på Bølgen kulturhus onsdag at prisen blei delt ut
Les også: Erik Eikehaug tildeles Vestfold og Telemarks litteraturpris 2022

Intens,vittig og svimlande
Skatten og tyven heiter boka Eikehaug har fått pris for, det er forfattarens andre bok.
"Litteraturprisen i Vestfold og Telemark vert tildelt ein forfattar som med årets roman har begeistra juryen. Allereie frå fyrste side gir lesaren seg ut på ei intens, vittig og svimlande litterær reise, og vi ser oss ikkje tilbake før sidetalet sluttar på 374. Romanen Skatten og tyven handlar om oss, vi som lever her i dag, men gjennom usedvanleg språkleg overskot og sikker forteljarevne fokuserer og forstørrar romanen det heimslege - og slik vert liv som vi trudde vi kjende forunderlege - og liv som vi ikkje sjølve har levd, blir våre eige", sa Solveig Ragnhild Brandal i talen frå juryen.
Orda han fekk frå juryen, det var det finaste Eikehaug nokon sinne hadde fått, meinte han. Etter at fine ord og gåver var overrekt, las forfattaren frå eiga bok og blei intervjua av Torgeir Wittersø Skancke, konferansieren på opningsframsyninga.
«Allereie frå fyrste side gir lesaren seg ut på ei intens, vittig og svimlande litterær reise»
- Juryen
Ros for festivalens tema
I opningstala si, roste fylkesordførar Terje Riis-Johansen arrangørane for val av tema for festivalen som er Skeivt kulturår og ytringsfridom.
- Sjølv om vi har ytringsfridom i Noreg, er klima for å ytre seg endra. Uttrykk som alternative fakta har fått fotfeste, sosiale medium gjev rom for hatefulle ytringar, vi har situasjonen i Russland og USA der demokratiet er innskrenka. Vi er i ei utfordrande tid, konstaterte han.

Musikk og litteratur
I løpet av den gode timen opningsframsyninga varte, fekk vi høyre Sandra Kolstad lese frå si eiga nok To ord for ødeleggelse, og ho sang frå utgjevinga Burning Love. Festivalforfattar Wesam Almadani var med digitalt - forteljinga om hennar liv fekk publikum gjennom ein film.
Skodespelar Torstein Andersen fortalde om Charles Bukowski og las tekstane hans.
- Bukowski har eg arbeidd med i 20 år sa han, og inviterte til konserten "Bukowskis verden i ord og toner" seinare på kvelden.
Flott program i fire dagar
Torsdag held festivalen fram med eit tettpakka program som startar alt klokka 10.30. Heilt fram til søndag kveld er det litterære godbitar - dei fleste på Bølgen kulturhus i Larvik, men også i Bamble, Kragerø, Notodden, Tønsberg, Horten, Sandefjord og Skien er det fine tilbod.
Sjå heile programmet på heimesida til Kimen litteraturfestival
I juryen for Litteraturprisen for Vestfold og Telemark sit Maja Foss Five, Solveig Ragnhild Brandal, Stian Johansen, Fartein Horgar, Vibeke Stokka. Aase Wivestad er med som sekretær.