– Her får eg utfordra meg som tannlege

Hoda Shamsolebad (28) med pasient. Foto: Eva Susanne Drugg
Hoda Shamsolebad (28) med pasient. Foto: Eva Susanne Drugg

Av:

Eva Susanne Drugg

Publisert:

14.09.2021

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Hoda Shamsolebad (28) flytte frå Oslo til Seljord for å jobbe som tannlege ved Seljord tannklinikk. – Å jobbe i distriktet gjev deg mykje erfaring.

No, to år etter er ho framleis her. I fjor fekk ho og mannen ei dotter.

Hoda kjende godt til fylket frå før av. Ho er fødd og oppvaksen på Rjukan. Som 11-åring flytte familien til hovudstaden. Mannen hennar har slektningar i området, og då høve for fast jobb dukka opp, takka ho ja til tilbodet.

– Eg stortrivst, seier Hoda.

Hun smiler og fortel om eit triveleg arbeidsmiljø.

«Eg kjenner meg velkomen kvar einaste dag»

– Hoda Shamsolebad 

I dag jobbar det ni personar ved den offentlege tannklinikken; tre tannlegar, ein tannpleiar og fire sekretærar, i tilegg til klinikkleiaren.

Klinikken har moderne lokale og ligg i Seljord sentrum.

– Lærer mykje av kvarandre

Hoda og pasient. Foto Eva Susanne Drugg (3).jpeg
  Hoda trives i Seljord. Foto: Eva S. Drugg

Ho er spesielt glad for dei ekstra faglege utfordringane det å jobbe som tannlege i distriktet gjev.

– Me forsøker å gjere så mykje me kan sjølve, me lærer mykje av kvarandre. Me har eit tett samarbeid med ulike spesialistar. Ved hjelp av digitale løysingar kan me unngå at pasiantar må reise fysisk til for eksempel Skien. 

Kva vil du seie til andre utdanna tannlegar som ser etter jobb?

– Det er eit vidt fagleg spekter – du får mykje erfaring! Du får verkeleg prøvd deg, og du veks fagleg. Ein har stor variasjon i arbeidsdagen på ein distriktsklinikk.

Fascinert av tannhelse som tenåring

Hoda er utdanna tannlege ved Det Odontologiske Fakultet i Oslo. Hun fortel at interessa for tannhelse kom då ho fekk regulering som tenåring.

– Eg vart veldig fascinert, det verka spennande. Eg er glad i praktisk arbeid, og å jobbe med detaljar. Det får eg verkeleg gjort i jobben som tannlege! Eg synest også det er givande å ha ein jobb der eg får arbeide med menneske.

Er du interessert i å jobbe som tannlege i Vest-Telemark?

Sjekk våre ledige stillingar her

Me har også fleire ledige tannlegestillingar i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Førebyggande arbeid gjev resultat


Kva likar du best ved jobben?

– Det førebyggande arbeidet. Når eg no har vore her i to år ser eg pasientar som kjem igjen, og ser at arbeidet mitt gjev resultat.

Ho trekker også fram det å sjå munnhelse i ein større heilskap.

– Å gje tannbehandling til folk som har dårlege tennar, så dei har noko å tygge og smile med, det har mykje å seie for livskvaliteten.

Det beste med Seljord

Kva likar du med Seljord?

– Fyrst og fremst naturen, det er fantastisk her! Det er uendeleg med høve til ulike turar. Me har ljosløyper og skianlegg, det er veldig barnevenleg og roleg. Det er billigare å bu her enn i byane. Me har treningsstudio, kulturhus med kino og bibliotek og eit lite senter med butikkar og daglegvarer.

Me har det me treng og litt til!

Hoda fortel at ho synest det har vore vanskeleg å bli kjent med folk, og koronasituasjonen har heller ikkje gjort det enklare.

– Eg har møtt folk via jobb og trening, også håper eg det løsnar litt når dotter vår byrjar i barnehagen.

Hoda og familien ved Sjøormtårnet i Seljord. Foto: Privat
Hoda og familen ved Sjøormtårnet i Seljord. Foto: Privat

 

Ynskjer tannlegar som blir

Det er Vestfold og Telemark fylkeskommune som eig og driv dei offentlege tannklinikkane i fylket. 

Live Lid Breiland er ledar for Fyresdal, Vinje og Seljord tannklinikkar.

– Det er ei utfordring å få tannlegar til å bli verande ute i distrikt. Dette gjeld heile landet, ikkje bare i Vestfold og Telemark. Ofte ynskjer tannlegar eit arbeidsår i distriktet for å få breiare arbeidserfaring, men dreg vidare av ulike årsakar. Me håpar tannlegane me tilset ynskjer å bli verande. Det er viktig med stabilitet.

Håpar fleire får augo opp for distrikta

Lid Breiland skulle gjerne sett at fleire fekk augo opp for kva distrikta kan tilby.

– Å jobbe offentleg på en distriktsklinikk gjev deg brei erfaring, du får jobbe med både dei prioriterte pasientgruppene me tilbyr gratis behandling, men også vaksne betalande pasientar. For klinikkene i Vest-Telemark er fordelinga mellom prioriterte og betalande pasientar 50/50, her får du både i pose og sekk, seier Lid Breiland.

Ho peiker også på fordelane utanom arbeidstid ved å etablere seg i Vest-Telemark.

– Naturen rett utanfor døra, sikra barnehageplass og låge utgifter til bustad er goder som du ikkje har over alt. Sveitt kaving med barnevogn i rushtrafikken på t-banen er eg også veldig glad for å sleppe, ler Lid Breiland.

For ein eventuell partnar har koronapandemien har også ført til eit skifte med tanke på høve til arbeid og arbeid frå heimekontor. Dette opnar arbeidsmarknaden slik at det framover vil vere lettare å kunne bu i distrikta utan å måtte vekependle til spennande jobbar i meir sentrale strøk.

Vil du jobbe saman med oss?

Er du interessert i å jobbe som tannlege i Vest-Telemark?

Sjekk våre ledige stillingar her.

5 reisetips

Er du interessert i å bu og jobbe i Vest-Telemark? Her er Hoda sine tips til stader å reise.

  1. Bjørgefjell/Bjørgenuten
    • Topptur til Bjørgefjell – bratt oppover gjennom artig natur, og du kan møte på både telemarkskyr og sau. Fin utsikt frå toppen!
    •  
  2. Klatring på Via Ferrata Telemark
    • Via Ferrata går opp Skrede-fjellet. Ruta er laga for familiar og aktive born frå 6 år
    •  
  3. Sjøormtårnet
    • Sjøormtårnet er bygd i tre, er 17 meter høgt med tre utkikksplattformer.
    •  
  4. Flyvrakene på Skorve i Seljord
    • Under 2. verdenskrig styrta to fly på Skorve. I dag kan du framleis sjå restane etter flyvraka.
  5. Flyvrakene på Skorve i Seljord
    • Spenn på deg skia og ta deg ein tur i nydelig natur! Mange av toppane er like tilgjengelege til fots i sommarhalvåret.

Etablerar regionalt fylkessenter i Seljord

Fylkeskommunen skal ta i bruk heile fylket og er i gang med eit pilotprosjekt for å etablere eit regionalt fylkessenter. 20 arbeidsplassar/årsverk skal lokaliserast i Seljord innan 2022.

Førebels er det snakk om noverande arbeidsplassar/årsverk, men prosjektgruppa anbefalar fylkeskommunen å i tida framover vurdere om arbeidsstad kan vera i Seljord når nye stillingar lysast ut.

For ein eventuell partnar kan dette vere interessant, i tillegg til at mange arbeidsplassar no er meir fleksible med tanke på høve til arbeid og arbeide frå heimekontor.

Vil du vite meir?