Me ga barn og unge 150 312 kulturmøte

Ein ung gut viser fram eit bilete, eit portrett. Han smiler.
SJØLVPORTRETT: Kristoffer Andreas Olstad var med på DKS-tilbodet  "Spikk" på tampen av skuleåret. Foto: Kristin Berge

Av:

Kristin Berge

Publisert:

31.07.2023

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Den kulturelle skulesekken ga barn og unge i fylket 150 312 kulturmøte førre skuleår. Snart blir det nye møte med musikk, litteratur, kunst, film, scenekunst og kulturarv.

– Den kulturelle skulesekken gjer at alle barn og unge opplever kunst og kultur av høg kvalitet, uansett kvar ein bur. Me hadde 106 ulike produksjonar på vegen rundt i heile det store fylket vårt i skuleåret som gjekk, seier Anette Storli Andersen. Ho er teamleiar for Den kulturelle skulesekken, DKS, i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Store publikumstal

– I alt blei det gitt kring 150 000 kulturopplevingar til barn og unge i skuleåret 2022/23. Dei fekk konsert, gjekk på museum, opplevde kunst, sågfilm, teater eller dans. I alt vardet 1 133 turnedagar og 2 253 visningar, fortel teamleiaren.

Alle elevane får minst to tilbod i året. I grunnskulen er det over 50 000 elevar i fylket vårt, mens det på dei vidaregåande skulane er det litt over 14 600 elevar.

Alle produksjonane er laga og utført av profesjonelle kunstnarar og formidlarar. Den kulturelle skulesekken sørger for at barn og unge får kunnskap om og kjennskap til kulturuttrykk dei kanskje elles ikkje hadde møtt, legg ho til.

I verkstaden hjå Håkon Telnes.JPG
LAGA RAMME: I verkstaden til Håkon Telnes laga elevane ramme, og fekk dermed ein smak av tradisjonshandverk. 

Einaste med barnehagetilbod

Den kulturelle skulesekken er i utgangspunktet eit tilbod til skuleelevar i både grunnskule og på vidaregåande skule.

– Vestfold og Telemark fylkeskommune gir også tilbod til barnehagebarn. Telemark innførte denne ordninga, og nå har også alle kommunane i Vestfold takka ja. I skuleåret vi har lagt bak oss, har 14 766 barnehagebarn hatt besøk, fortel Andersen. 
I tillegg til tilboda frå fylkeskommunen, har alle kommunar eit lokalt DKS-tilbod. Ein tredjedel av midlane til Den kulturelle skulesekken blir fordelt på kommunane.

Plopp i barnehagen web.jpg
PLOPP I BARNEHAGEN: Knut Lothe (t.v.) og Henning Waaler Kemp har turnert i Vestfold og Telemark i år.

Nye opplevingar i kø

I skuleåret som kjem blir det nye opplevingar for barn og unge i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Sjå kva som er tilbodet i din kommune i skuleåret 2023/24

I alt er det 83 ulike turnear som skal ut til det unge publikummet. Blant produksjonane er den musikalske framsyninga «Hått sa’ru» som skal vitje 1.-4. trinn i Vestfold. Framsyninga tar for seg dialektbruk, kor viktig dialekt er for identitet, mangfald og tilhøyrsle.

«– Vi gler oss til et nytt skuleår med mange spennande tilbod på programmet»

- Anette Storli Andersen, teamleiar for Den kulturelle skolesekken

8.-10. trinn får eit alvorleg, viktig og spennande møte med Martine Hattestad Kveli. Ho kjem på besøk med «En pappeske med historier». Utøvaren fortel om då ho blei forlaten i ein pappask på ein togstasjon i Kina, og korleis det er å vere norsk utan å ha norsk etnisk utsjånad.
For nokre vidaregåande klasser blir det «Spikk» på Nutheim i Flatdal. Elevane lagar sitt eige sjølvportrett i tresnitt, og snekrar også ramme til bilete – eit flott innføring i tresnitt og tradisjonshandverk.

– Vi gler oss til et nytt skuleår med mange spennande tilbod på programmet, seier Andersen.

DKS-tal for skuleåret 2022/23

Barnehagar
383 arrangement, 13 766 elevar
Grunnskular
1241 arrangement, 105 429 elevar
Vidaregåande
516 arrangement, 31 117 elevar