Vi søker etter senterleiar til Seljord

I løpet av året opnar fylkessenteret i Seljord med 20 tilsette. Dei tilsettte treng ein leiar.
Den vidaregåande skulen i Seljord blir fylkessenter med 20 tilsette. Foto: Ingebjørg Berge
Den vidaregåande skulen i Seljord blir fylkessenter med 20 tilsette. Foto: Ingebjørg Berge

Nesten alle som flyttar inn i kontorlokala etter den vidaregåande skulen i Seljord har vore tilsett i fylkeskommunen frå før, men det er også nokre nytilsette som har fått Seljord som arbeidsstad. 

– Nå er vi på jakt etter den rette til leiarstillinga for senteret, seier Anitra Fossum. Ho er konstituert direktør for samfunnsutvikling, internasjonalisering og klima.

Nettverksbyggar og leiarerfaring

I utlysingsteksten er det lagt vekt på at den rette skal vere god på nettverksbygging. Det er nettverksbygging med både lokale og sentrale styresmakter, med næringsliv og andre moglege samarbeidspartnarar. Prosjekt knytt til fornybar energi og kraft er nemnd som aktuelle arbeidsområde.

Sjå utlysinga Fylkesenterleder Seljord her. 

– Den vi søker skal ha leiarerfaring, god forståing for forvaltningsnivå og samhandling mellom administrasjon og politikk. Erfaring frå strategisk arbeid og prosjektleiing er også eit ønske, seier Fossum.

Samfunnsutvikling

Tanken bak etablering av det regionale fylkessenteret er å oppfylle fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar. Det er ei oppgåve som står sentralt i regionreforma.

– Sjølv om vi nå bygger to nye fylke, held vi fram med dette viktige arbeidet. Samfunnsutvikling kjem til å bli ei viktig oppgåve også for dei to nye fylka, konstaterer Fossum.

– Vi veit at arbeidsplassar er ein føresetnad for å skape vekst og attraksjon i ein kommune. Seljord ligg godt til rette for utvikling, både med tanke på at vi eig eit eigna lokale der, geografisk plassering og eit næringsliv elles i kommunen og regionen som vi kan spele på lag med. Nå er vi spente på om den rette kandidaten tar kontakt med oss, seier ho.

Publisert: 05.04.2022 Oppdatert: 23.08.2023 kl.08.18