I 1989 starta han som vaktmeister på Klosterskogen videregående skole i Skien. Skulen fekk nytt bygg og nytt namn i 2008, frå då har han vore tilsett ved Hjalmar Johansen videregående skole. I 2019 tok Kristiansen fagbrev som byggdriftar. Det er ei statusendring han sjølv har kjempa for gjennom vervet sitt som plasstillitsvald på skulen, og som seksjonsleiar for Samferdsel og teknisk i Fagforbundet Vestfold og Telemark fylkesforeining.
– Foreininga er stolt av å ha ein så dyktig plasstillitsvald og seksjonsleiar som vi har i Vidar Kristiansen, seier Olaug Skau som er leiar for fylkesforeininga.
– Han har site i styret i fleire periodar. Vidar er ein dyktig, engasjert og uredd plasstillitsvald som er opptatt av yrket sitt og rettane til medlemmene, rosar Skau som står bak nominasjonen til byggdriftene i år.
«Prisen Årets byggdriftar blir delt ut til ein person som i løpet av fjoråret har ytt ein spesiell innsats for byggdriftarfaget»
- Ingunn Reistad Jacobsen i yrkeseksjon for samferdsel og teknisk i Fagforbundet
Spesiell innsats
Det var ein solid gjeng som overraska Vidar Kristiansen på Hjalmar Johansen vidaregåande skule på sjølvaste Byggdrifternes dag. I gjengen var Ingunn Reistad Jacobsen som er nestleiar for Yrkesseksjon samferdsel og teknisk i Fagforbundet. Ho kom med den gjeve prisen.
I tala sin sa ho: – Prisen Årets byggdriftar blir delt ut til ein person som i løpet av fjoråret har ytt ein spesiell innsats for byggdriftarfaget, kollegaene sine og kvalitetsutvikling på arbeidsplassen, og som samtidig er samfunnsengasjert og inkluderande. Kort sagt , ein som brenn for faget og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Det gjer Vidar.

Ivrar for fagbrev
Vidar følgjer med på kva arbeidsgivar gjer innan fagområdet, ein av dei siste sakene han har jobba med er skattereglar for arbeidstøy, vareklede og verneklede for dei tilsette innan seksjon samferdsel og teknisk. I 2021 jobba han hardt for lønnsharmonisering.
Vidar har også pressa på for at vaktmeistrar i fylkeskommunen skal ta fagbrev som byggdriftare. I årsmeldinga frå Samferdsel og teknisk i 2021 skriv han: Det som gler meg veldig, og som vi har jobba med så lenge, og som eg høyrde første gong for 32 år sidan, var at no må vi få ei anna stillingsnemning på vaktmeister. Det har vi no endeleg fått, og tittel vaktmeister er lagd på museum, vi er no byggdriftare. Så i si alle skulane har no ein Arbeidsleiar Byggdrift og der det er fleire så er nemninga Byggdriftar med fagbrev/fagskule og Byggdriftar (utan fagbrev).
1 000 å velje blant
I Fagforbundet er 1 000 organiserte som byggdriftarar, mens 3 500 medlemmer er vaktmeistrar. Altså er det ein ganske stor gjeng å velje i. Rundt 30 blei nominerte til byggdriftar i år.
– Til slutt sat vi igjen med fem kandidatar, men Vidar skilde seg ut, meiner Reistad Jacobsen.
– Han er ein dyktig fagmann, har gjort ein innsats for å fremje byggdriftarane. Han er samfunnsengasjert og i tillegg er han ein god og morosam kollega som alltid stiller opp for 130 kollegaer og 800 elevar ved Hjalmar Johansen vidaregåande skule.
- Byggdriftaren er viktig
– Eg gratulerer Vidar Kristiansen med kåringa som Årets byggdriftar! Det er flott at vi har tilsette som utmerkar seg ved å gjere ein god jobb, og det er veldig hyggeleg at det blir lagt merke til. Som tidlegare rektor veit eg kor viktig funksjonen som byggdriftar er, både for å ta vare på bygg og eigedom, men også for trivselen til alle på skulen, helsar Arve Semb Christophersen, fylkesdirektør i Vestfold og Telemark fylkeskommune.