Vil byggje eit kulturfylke for alle innbyggjarane

Ambisjonen i den nye kulturstrategien er at Vestfold og Telemark skal vere eit kulturfylke for alle. Biletet  er frå "Ditt nye fylke - ei forestilling om Vestfold og Telemark" i 2020. Foto: Frank Tindvik

Av:

Frank Tindvik

Publisert:

25.05.2021

Oppdatert:

23.08.2023 kl.08.18

Auke verdiskapinga, motarbeide utanforskap og redusere klimautslepp. Det ynskjer fylkestinget at den nye kulturstrategien for Vestfold og Telemark skal bidra til. Strategien er ambisiøs, og har mange kulturtiltak som fylkeskommunen skal sette ut i livet saman med kommunar og kulturaktørar.

Interessa for «Vestfold og Telemark – der mennesker møtes», som strategien heiter, har vore rekordstor. Deltakinga har vore brei, med innspel frå kommunar, kulturaktørar, organisasjonar og privatpersonar. Strategien dannar ei felles plattform for satsing på kultur i fylket.

- Aldri før, i Vestfold og Telemarks historie, har kulturens bidrag til samfunnsutviklinga vore så synleg og tydeleg som i denne strategien, meiner Maja Foss Five, leiar for Hovedutvalg for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett.

Mange tiltak og fem «fyrtårn»

Vidareutvikling av attraksjonar langs Telemarkskanalen, auka innsats for fleire sosiale møteplassar og nyskapande aktivitetsarenaer, jobbe for å etablere eit kompetansesenter for UNESCO Verdensarv, auka satsing på nyare tids arkeologi, utvikle Ung Kultur Møtes til eit heilårig tilbod, vidareutvikling av Padleled Vestfold og Telemark, og utviding av fribyordninga for forfølgde forfattarar med minst to kommunar er berre nokre av dei mange tiltaka fylkeskommunen skal satse på i perioden 2021-2024.

- Strategien er nødvendig for å målrette og koordinere innsatsen vår på kulturfeltet, i samarbeid med kommunar og kulturaktørar. Alle innspel til arbeidet med strategien fortel om eit kulturliv som vil opp og fram og ut til folk i fylket vårt. Nå har vi fått på plass mål og tiltak som stør opp om dette, og vi gler oss til å kome i gang med å byggje eit kulturfylke med stor K, seier Foss Five.

Utdrag frå illustrert utgåve av strategien, som kjem etter kvart (illustratør: Izabela Zolcinska)

I innspelsrundane blei det etterlyst tydelege «fyrtårnsatsingar» frå fylkeskommunen. I kulturstrategien er det derfor vald ut fem fyrtårn som fylkeskommunen skal satse spesielt på i arbeidet med å fremje stadutvikling og kultur- og naturbasert reiseliv: Edvard Munch, Henrik Ibsen, Rjukan-Notodden Industriarv, vikingtid og mellomalder, og regionale kulturarrangement.

Kulturoppleving for alle

- Vestfold og Telemark skal vere eit attraktivt fylke for profesjonelle kunstnarar og kulturinstitusjonar. God tilgang til kulturarenaer- og aktivitetar for innbyggjarane er viktige nærmiljøkvalitetar som bidreg til attraksjonskraft, bulyst og stadutvikling. Kulturaktivitetar gjev mening og trivsel, og fremjar folkehelsa. Ambisjonen vår er at Vestfold og Telemark skal vere eit kulturfylke for alle, seier Foss Five.

Det er ikkje utan grunn at inkludering er eit hovudtema i den nye kulturstrategien.

- Koronasituasjonen har vist oss kor mykje det tyder å møtast og dele opplevingar. Derfor er tilrettelagt tilgang til kultur, slik kulturstrategien legg opp til, så viktig. Uavhengig av alder, bustad, funksjonsevne, kulturell bakgrunn, livssyn, sosial tilhøyrsle, språk, seksuell legning og kjønnsidentitet, skal du ha tilgang til kulturarenaer og eit godt kulturtilbod – og du skal kjenne at du er velkomen. Det er det vi ynskjer i fylket vårt, følgjer Foss Five opp.

Samarbeid 

Kulturstrategien dekkjer områda bibliotekutvikling, friluftsliv, idrett, immateriell og materiell kulturarv, kulturfrivilligheit, kunst, museum og privatarkiv. Mange av tiltaka handlar om samarbeid.

- For å nå måla i strategien, må vi samarbeide på tvers av fag, institusjonar og forvaltningsnivå. Innhaldet i kulturaktivitetar blir skapt i samspel mellom det offentlege og det private, profesjonelle og amatørar og gjennom stor frivillig innsats. Derfor vil mange av tiltaka vi skal satse på skje i samarbeid med andre aktørar, forklarar kulturdirektør i fylkeskommunen, Else Blom.

Hovedutvalgsleder Maja Foss Five og kulturdirektør Else Blom

Berekraftige mål

Strategien har også som mål å bidra til at fleire av FN sine mål for berekraft blir realisert. Det skal skje gjennom tiltak som å stille krav til berekraft og vurdering av klimakonsekvensar ved tildeling av tilskot, vere ein aktiv bidragsytar i planarbeid for å sikre grøne strukturar og ferdselsårer i byar og tettstader, gjennomføre pilotprosjekt for å stimulere til grønare arrangement, og å arbeide for å nå nye deltakar- og publikumsgrupper som av sosioøkonomiske årsaker ikkje deltek i kulturlivet.

- Samhandling er avgjerande for å løyse komplekse samfunnsutfordringar. Det vil kultursektoren bidra til gjennom rolla vår som ein regional utviklingsaktør. Både aleine og saman med andre skal vi bidra til å få meir merksemd om berekraftig kultur- og naturbasert reiseliv, til vern og berekraftig bruk av viktige kulturminne, kulturmiljø og friluftsområde. Vi vil også stimulere til eit universelt utforma kulturliv der alle er velkomne til å skape, delta og oppleve, avsluttar Else Blom.

Les kulturstrategien «Vestfold og Telemark – der mennesker møtes» her