– Yrkesfag er moro og kult

Gullvinnar i Skole-NM i yrkesfag, Imre Stensrud, er glad for blest kring yrkesfaga.
Imre Stensrud tok gull i tømrarfaget under Skole-NM i yrkesfag. Foto: Privat.
TIL TOPPS: Imre Stensrud tok gull i tømrarfaget under Skole-NM i yrkesfag. Foto: Privat.

Tolv elevar frå Vestfold og Telemark tok pallplassering under Skole-NM i yrkesfag. Imre Stensrud kom heilt til topps i tømrarfaget. Han går til vanleg på Skogmo videregående skole.

– I konkurransen i Mandal i slutten av april måtte vi lage eit hjørne av bindingsverk i 48 x 98 mm. I den eine veggen skulle vi felle inn eit avstivingsbord og i den andre skulle vi lage åpning for vindauge med losholt, horisontale bindingsverk, og overdekning. Vi kunne velje hjørneløysinga sjølve. Heile oppgåva måtte vi løyse på fire timar, fortel han. 

– Kult med yrkesfag

Imre konkurrerte mot sju andre.

– Vi blei vurdert på nøyaktigheit, HMS, ryddig arbeidsplass og kunnskap innan tømrarteori. Eg synest det var veldig moro å vere med, og sjølvsagt også å vinne.  

– Eg synest det er fantastisk at er blest rundt yrkesfaga. Eg håpar fleire unge får augo opp for yrkesfag, og at dei verkeleg får sett kor kult og moro det er, seier gullvinnaren.

«Eg håpar at fleire unge får augo opp for yrkesfag»

- Imre Stensrud

 

Gartnargull og fem sølv

Else Marie Øverland og Truls Godli har også god grunn til å vere fornøgde. Dei går på Gjennestad videregående skole, og tok begge gull i anleggsgartnerfaget. 

Dei som tok sølv, er

  • Martin Horn Bolset, industriell matproduksjon ved Greveskogen vgs.
  • Oda Kaasa Arnestad, frisør, Porsgrunn vgs.
  • Brage H. Furustad, manuell maskinering, Thor Heyerdal vgs. 
  • Jon-Edvard Rambekk, betong, Skogmo vgs. 
  • Nora Hillmann Wolden, servitør, Greveskogen vgs. 
GULL TIL GARTNARAR. ElseMarie Øverland og Truls Godli tok gull i anleggsgartnerfaget. Dei går på Gjennestad videregående skole. Foto: Privat
GULL TIL GJENNESTAD: Else Marie Øverland og Truls Godli tok saman gull i gartnarfaget. Foto: Privat

Bronse x 4

Bronseplassar blei det også til Vestfold og Telemark.

Bronsevinnarane er

  • Oscar August Ankersen, sveising, Thor Heyerdal vgs. 
  • Martin Ekli, rørlegger, Skogmo vgs.
  • Ingrid Victoria Waldvogel Thomassen, salg, Sandefjord vgs.
  • Sicilia Marie Jesinsky Kleppe, salg, Sandefjord vgs. 

– Vi er stolte

– Vi har evaluert Skole-NM 2022, og vi har god grunn til å vere stolte! I alt deltok 25 elevar frå våre skular på Skole-NM i april. Dei var fordelt på 18 ulike fag, fortel rådgivar Lena Marie Fekene ved fag og opplæring i Vestfold og Telemark fylkeskommune. 

– Alle som deltok er vinnarar, for det er godt gjort å kvalifisere seg. Ekstra stas er det likevel å kome på pallen, seier Fekene. 

I tillegg til to gullplasseringar, blei det fem sølv og fire bronse til elevar frå Vestfold og Telemark. 

Det er den ideelle organisasjonen WorldSkills Norway, WSN, som arrangerer Skole-NM i lag med skulane. WSN arbeider med å fremme yrkesfaga, auke kvaliteten på desse og få fleire til velje yrkesutdanning.

Her kan du lese meir om årets Skole-NM i yrkesfag

 

 

Publisert: 13.05.2022 Oppdatert: 23.08.2023 kl.08.18