5347

Kulturlandskapet i Nordbygdi

Foto: Alle foto: Jorun Aresvik Hals

Av:

Jorun Aresvik Hals

Publisert:

23.01.2020

Oppdatert:

23.01.2020

Nordbygdi i Hjartdal er eit kulturlandskap av nasjonal verdi. Landskapsrommet, byggeskikken og det økologiske mangfaldet knytt til tradisjonell drift gjer Nordbygdi til eit ein viktig formidlar om norsk landbrukshistorie. God skjøtsel av slike landskap er av avgjerande tyding for at kunnskapskjelda ikkje skal tørke ut.

Nordbygdi ligg i ein dal som skrår ned mot Ambjørnsdalen, mellom Flatdal og Sauland, i hjartet av Telemark. Geografien har ikkje gjort det naturleg å føre hovudvegen gjennom bygda. Dei til dels bratte dalsidene har ført til at moderniseringa av landbruket har gått saktare her enn mange andre stadar. Spor etter gamle driftsmåtar og busetnaden som høyrer til desse har fått bli att.

landskap med gårder og fjell
Vegane i det førindustrielle kulturlandskapet gjekk frå gard til gard

Fordi det gamle kulturlandskapet er så godt ivareteke som det er, er bygda ei viktig kjelde til kunnskap om fortida og det biologiske mangfaldet som høyrer til i det før-industrielle jordbrukslandskapet.

Om ein tek ein rundtur i Nordbygdi legg ein raskt merke til at vegane går i buktingar gjennom bygda, frå gard til gard. Mange gardstun har framleis eit mangfald av bygningar, og ein kan framleis sjå rike spor etter drift før den vart mekanisert. Vi skal no sjå litt nærare på desse spora frå gamal tid.

Før-industriell byggeskikk

Nordbygdi har som alle stadar sin del av det industrialiserte gardsbruket sine byggeiningar. Det finns fleire døme på våningshuset i sveitserstil og den raude einheitslåven. Som ein kontrast til dette står dei eldre tuna med eit mangfald av små eldre driftsbygningar og som det finns særs mange av her.

landskap med små gamle hus
Nordbygdi byr på eit kulturlandskap med ei stor tidsbreidde. Her ser vi beitemark med steingardar og rydningsrøyser i forgrunnen, medan det moderniserte gardsbruket med dei raude låvane lyser opp i bakgrunnen.

Sud-Åbø i Åbøgrenda med sine mange små bygningar er eit godt eksempel på den før-industrielle byggeskikken. Sud-Åbø er eit av dei best bevarte og mest intakte gardsbruka i bygda. Her står det mange bygningar som er reist over ein periode på kring 700 år, noko som gjer garden til ein av dei eldste i bygda.

Husa er bygd på tradisjonelt sett, i all hovudsak som tømrer eller som ein kombinasjon av laft og stav-konstruksjonar. Taktekkinga er i dag ein variasjon av flis, bord, jord og teglstein. Gamle bilete syner at det og har vore nytta spon.

Mangfaldet av bygningar vitnar om stor og variert aktivitet og produksjon. Her finns både fjøs og sommarfjøs samt restar etter ein stall. Det står fleire uthus for lagring her, og bygningar som smie, sag og eldhus fortel om produksjon av varer ein trong både i drifta av garden og til å leve av.

I tillegg til bygningane i innmark, har det nok og vore fleire bygg nytta til lagring i utmarksslått og stulsdrift.

Bygningane fortel både i tal, plassering og utforming om at ulike funksjonar har stilt ulike krav til konstruksjonane. Dette har gjeve oss det karakteristiske før-industrielle gardstunet.

stor haug med stein ved et tre
Stein som vart rydda vekk frå åker og eng vart lagt i rydningsrøyser. Rydningsrøyser har stein av varierande storleik, til skilnad frå gravrøysene som har jamnstore stein.

Spor etter gamle driftsmåtar

Det er ikkje berre byggeskikken som fortel oss om busetnad og jordbruk i gamal tid i Nordbygdi, det gjer også rike spor av menneskeleg verksemd i sjølve landskapet.

landskap
Nordbygdi byr på eit kulturlandskap med ei stor tidsbreidde. Her ser vi beitemark med steingardar og rydningsrøyser i forgrunnen, medan det moderniserte gardsbruket med dei raude låvane lyser opp i bakgrunnen.

Eit døme på det før-industrielle kulturlandskapet finn ein i skråningane nedanfor Risvoll- og Århusgardane. Her gjer gamle vegfar, steingardar, rydningsrøyser og moglege åkerreiner jordet til eit lappeteppe som står i sterk kontrast til åkrane i flatbygdene.

Jordbruket i Noreg tok til for kring 6000 år sidan. Dei funna som er gjort i Hjartdal gjev grunn til å tru at jordbruket tok til i Hjartdal lenge før dei noverande gardsbruka sine bygningar vart reist. Spor som åkerreiner kan vere ein indikasjon på gardsdrift attende til perioden kring Kristi fødsel.Nordbygdi tre-gjerde.jpg