Prosjekta skal vere knytt til satsingane i Vestfold og Telemark fylkeskommune sin kulturstrategi 2021-24, dei må ha regional verdi og kome befolkninga i fylket til gode.
Strategien er delt inn i hovudtema stadutvikling, inkludering, kunnskap, aktivitet, arenaer og internasjonalisering. I tillegg peikar strategien ut fem fyrtårn under hovudtemaet stadutvikling som fylkeskommunen skal satse på. Det er Edvard Munch, Henrik Ibsen, Rjukan-Notodden industriarv, vikingtid og mellomalder og regionale kulturarrangement. Fyrtårna skal fremje fylkets natur- og kulturbaserte reiseliv.
Strategien finn du her i to målformer:
Vestfold og Telemarks kulturstrategi 2021-24 Bokmål
Vestfold og Telemarks kulturstrategi 2021-24 Nynorsk
Søknaden skal innehalde budsjett med forventa kostnader, inntekter og eigeninnsats. Du kan ikkje forvente stønad på meir enn 50 prosent av budsjett. Vi gir først og fremst tilskot til prosjekt som blir gjennomført første kalenderår etter søknadsfristen. Alle som mottar utviklingstilskot, må godta ordninga med ledsagerbevis.
Vi gir ikkje stønad til ordinær drift eller aktivitet, heller ikkje utgjevingar av litteratur eller musikk.
Søkar har ansvar for rapportering og rekneskap. Rapportskjema skal sendast inn seinast tre månader etter at prosjektet er gjennomført. Fylkesrevisor har innsynsrett i rekneskapen.
For spørsmål ta kontakt:
Christine jobber med kulturarvs utviklings - og koordineringsoppgaver. Hun er utdannet kunsthistoriker med spesialisering i arkitekturhistorie.