Føremålet med regionalt planforum er å skape ein arena der statlege, regionale og kommunale interesser i konkrete plansaker skal bli klarlagde og freista samordna.
Slik er regionalt planforum organisert
Vestfold og Telemark fylkeskommune leier regionalt planforum og er sekretariat. Statlege og regionale organ og kommunar som er direkte ramma av den aktuelle saka skal delta. Representantar for tilgrensande interesser i saka kan også delta på møtene i planforumet. Kommunen fremjer ønske om deltakarar.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er fast deltakar i regionalt planforum. Statens vegvesen, Mattilsynet og Norges vassdrags- og energidirektorat og Bane NOR med fleire møter når planane gjeld deira faginteresser. Dei offentlege organa vert kalla inn etter beste skjønn, og representantane må sjølv vurdere om det er ei relevant sak å delta i.
Mål for regionalt planforum
Forumet skal:
- være et samarbeidsorgan for å gjere plansaksbehandlinga meir effektiv og føreseieleg, og for å unngå konfliktar mellom kommunale og regionale planer i Vestfold og Telemark
- bidra til større forståing for bakgrunn og syn hjå dei ulike nivåa og fagområda
- formidle nasjonale og regionale avgjerder og retningslinjer
- stimulere til harmonisering av planar, både mot andre kommunale planar og mot regionale planar
- bidra til å utvikle semje mellom dei regionale styresmaktene i utsegnene til planhøyringar.
Møtedagar og fristar
Regionalt planforum har fast møtedag på onsdagar mellom 09.00 – 14.00. Dersom datoen kjem på ein raud eller inneklemt dag, går han ut. Det er heller ikkje sett av møtetid i ferievekene. Vinterferien er veke 8 og haustferien er veke 41 i Vestfold og Telemark fylke.
Vi vil primært nytte digitale møte via Teams, eventuelt i ein kombinasjon med fysisk møte. Innkallinga vil kome via kalender, og vil vere tydeleg på kvar møtet er.
Fysiske møte vil i utgangspunktet verte organiserte i eit av fylkeshusa, og veksle mellom Tønsberg i oddetalsveker i Tønsberg i oddetalsveker (veke 1-3-5-osv), og i fylkeshuset i Skien i partalsveker (veke 2-4-6-osv). Andre møtestadar kan avtalast dersom det er tenleg totalt sett. Det vert servert lunsj dersom det er lang reiseveg for deltakarane.
Frist for å melde opp sak inkludert bakgrunnsmateriale er seinast 10 arbeidsdagar før møtetidspunktet, men ta svært gjerne kontakt før det.
Prinsippet om "førstemann til mølla" gjeld, og alle kommunane kan i utgangspunktet fritt velje møtedag.
Møteplan våren 2023
Måned | Dato | Dato | Dato | Dato | Dato |
Januar | 4/1 Tønsberg | 11/1 Skien | 17/1 Tønsberg | 25/1 Skien | |
Februar | 1/2 Tønsberg | 8/2 Skien | 15/2 Tønsberg | 22/2 VINTERFERIE | |
Mars | 1/3 Tønsberg | 8/3 Skien | 15/3 Tønsberg | 22/3 Skien | 29/3 Tønsberg |
April | 5/4 Påske | 12/4 Tønsberg | 19/4 Skien | 26/4 Tønsberg UTGÅR | |
Mai | 3/5 Skien | 10/5 Tønsberg | 17/5 Skien | 24/5 Tønsberg | 31/5 Skien |
Juni | 7/6 Tønsberg | 14/6 Skien | 21/6 Tønsberg | 28/6 Skien(ferie) |
Møteplan høsten 2023
Måned | Dato | Dato | Dato | Dato | Dato |
Juli | Ferie | Ferie | Ferie | Ferie | Ferie |
August | Ferie | Ferie | 23/8 Skien | 30/8 Tønsberg | |
September | 6/9 Skien | 13/9 Tønsberg | 20/9 Skien | 27/9 Tønsberg | |
Oktober | 4/10 Skien | HØSTFERIE | 18/10 Skien | 25/10 Tønsberg | |
November | 1/11 Skien | 8/11 Tønsberg | 15/11 Skien | 22/11 Tønsberg |
29/11 utgår (KDD) |
Desember | 6/11 Tønsberg | 13/12 Skien | 20/12 Tønsberg | 27/12 JULEFERIE |
Førebuing
I regionalt planforum vert regionale og kommunale planar etter plan- og bygningslova (pbl) tatt opp. Planane kan vere på ulike trinn i planprosessen. Statlege, regionale og kommunale interesser vert løfta fram og søkt samordna.
Kommunen melder inn sak og fremjer ynskje om deltakeres. Jo tydelegare probemstillingane er formulerte i på meldingsskjemaet, dess betre har dei ulike aktørane høve til å førebu seg på rett nivå.
Her er lenker til informasjonsskriv og påmeldingsskjema:
Regionalt planforum 2023 informasjon og påmeldingsskjema
Påmeldingsskjema til regionalt planforum 2023 (word)
Påmelding til Rakel Skjerve