Attraktive tettstader i bygdene -  kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

Dette er ei regional støtteordning finansiert med midlar frå Miljødirektoratet og frå Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og Vestland fylkeskommunar.

Målet er å følgje opp satsingsområdet bygde- og næringsutvikling som er forankra i  handlingsprogrammet 2020-2023 til Heiplanen. Søkelyset er å vidareutvikle og oppretthalde levande bygde- og grendesentra kring villreinfjellet. Støtteordninga har som hovudføremål å styrke attraksjonskrafta til bygde- og grendesentra med å legge til rette for opplevingar og aktivitetar som spelar på lag med natur- og kulturkvalitetane til villreinfjellet.

Det er kommunane som er med i Heiplanen som kan søkje om økonomisk støtte. For Vestfold og Telemark gjelder det Fyresdal, Tokke og Vinje.

Her kan du søke:

https://www.regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx?Ordning_Id=2212&Cookie=0

Søknadsfrist 15. januar 2021.

Nærare informasjon om retningslinene til støtteordninga

 ATTRAKTIVE TETTSTADER I BYGDENE

  • kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

 

FORANKRING

Støtteordninga er forankra under satsingsområdet Bygde- og næringsutvikling i handlingsprogrammet 2020-2023 til Heiplanen. Handlingsprogrammet vart godkjend i fylkestinga i Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemark fylkeskommunar våren 2020.  

 

 

FØREMÅL

Hovudføremålet er bygde- og næringsutvikling med søkelyset på levande bygde- og grendesentra i kommunane kring villreinfjellet. Attraktive bygde- og grendesentra er ein viktig strategi i regional- og distriktspolitikken for å utvikle og oppretthalde vekstkraftige lokalsamfunn, busetting og sysselsetting i distrikta. 

Attraktivitet er eit heilskapleg omgrep som handlar om at det skal vera bu og leve-,  nærings- og gjestelyst i og til bygdene. Støtteordninga har som hovudføremål å styrke attraksjonskrafta til bygde- og grendesentra med å legge til rette for opplevingar og aktivitetar som spelar på lag med natur- og kulturkvalitetane til villreinfjellet.

 

 

KVEN KAN SØKJA

 

Kommunane som er definert med i heiplanområdet, jf Heiplanen. Heiplanen vart vedtatt før kommunereforma. Det tyder at Sandnes kommune kan søkja om økonomisk støtte til utvikling av bygde- og grendesentra i tidlegare Forsand kommune. Det same gjeld Ullensvang kommune som kan søkja for bygde- og grendesentra i tidlegare Odda kommune.   

 

 

KORLEIS SØKJA

 

Søknaden skal opprettast og skrivast elektronisk i www.regionalforvaltning.no under støtteordninga

Attraktive tettstader i bygdene. I søknadsmalen skal de mellom anna skildra: namn og føremålet med prosjektet/tiltaket, organisering/samarbeidspartnarar, innhald, forventa resultat og effektar, framdriftsplan, kostnadsplan/budsjett og finansieringsplan.

 

 

SØKNADSFRIST

15. januar 2021. Støtteordninga med søknadsfrist vert kunngjort på heimesida til fylkeskommunane og med brev til kommunane. Søknadene blir vurdert og handsama av Heiplansekretariatet.  

 

 

KONTAKTPERSONAR

 Informasjon om korleis bruka søkjarportalen:

Torhild Haugen, Rogaland fylkeskommune tlf.: 51 51 69 28

Informasjon om støtteordninga og hjelp til å utforme prosjekt og søknad: Heiplansekretariatet.  

 

KVA KAN DET SØKJAST OM

Det kan søkjast om økonomisk støtte til fysiske tilretteleggingstiltak som er i tråd med føremålet.  Det kan søkjast om økonomisk støtte til forprosjekt for å finna ut kva som skal gjerast og korleis.

 

 

KOR MYKJE KAN DET SØKJAST OM

Det kan gjevast inntil 50% økonomisk støtte av godkjent budsjett. Maksimal støtte er kr. 250.000. Godkjend timepris for eigeninnsats er maks 1 promille av brutto årsløn med ei maks grense på kr. 800 per time. Det kan betalast 80% av støtte når prosjektet startar. Resten blir betalt ut når det vert oppmoda om sluttutbetaling med rapport og rekneskap

 

 

VURDERINGS-KRITERIAR

 Følgjande vert lagt vekt på ved vurdering av søknader:

  • Forankring i regionale og kommunale planar/strategiar
  • Potensialet for å styrke attraksjonskrafta og verdiskapinga
  • Bruken av natur- og kulturarv i villreinfjellet for å styrke attraksjonskrafta til bygde- grendesentra
  • Samarbeid, medverknad og involvering
  • Geografisk spreiing
  • Prosjekta/tiltaka må ikkje vera i konflikt med leveområda til villreinen

 

VILKÅR FOR STØTTE

 

  • Dei som får støtte skal dela erfaringar og kunnskap frå prosjekta på Heiplansamlingar.
  • Prosjektet/tiltaket må gjennomførast i samsvar med søknaden og godkjend budsjett. Det kan ikkje gjerast vesentlege endringar utan godkjenning frå Heiplansekretariatet.
  • Om prosjektet/tiltaket ikkje blir gjennomført som planlagt, kan Heiplansekretariatet redusera tilskotet tilsvarande. Heiplansekretaraiat kan krevja å få tilskotet betalt tilbake om vilkåra vert brotne.
  • Det skal førast ein eigen rekneskap for prosjektet med postar som gjer det mogleg å samanlikna rekneskapen med godkjend budsjett. Rekneskapen skal vera ein del av årsrekneskapen til søkjaren og reviderast som ein del av dette. Det er difor ikkje krav om at endeleg prosjektrekneskap skal vera stadfesta av ein autorisert revisor.   

 

UTBETALING

  • De som har fått eit tilsegn om økonomisk støtte må be om å få betalt ut støtta. De gjer dette i www.regionalforvaltning.no. Det vert sett ein arbeidsfrist for prosjektet/tiltaket i løyvinga. Denne fristen gjeld og for å oppmoda om sluttutbetaling med vedlagt rapport og prosjektrekneskap.

 

Politisk godkjend i Rogaland, Vestland, Agder og Vestfold og Telemark fylkeskommunar hausten 2020.

Publisert:

26.10.2020

Oppdatert:

27.10.2020 kl.10.06

Kontaktpersoner

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte

  • Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Tlf: 91853099
  • Bjørg Hellem, Agder fylkeskommune
  • Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune
  • Snorre Waage, Vestland fylkeskommune

Om de treng hjelp med å bruka søkjarportalen

  • Torhild Haugen, Rogaland fylkeskommune, Tlf: 51516928