Skredsikring fylkesveg 3408

Vei forsvinner innover i bildet fra høyre mot venstre, Skogområde og snødekt fjell i bakgrunnen.

Publisert:

17.11.2022

Oppdatert:

24.11.2022 kl.12.36

Det blir planlagt snøskredsikring langs fylkesveg 3408 ved skredpunktene Bergstøyl og Risstøyl. Med heimel i plan og bygningsloven § 3-7 og § 12-10 blir det difor varsla at Vestfold og Telemark fylkeskommune legg ut forslag til reguleringsplan for Fv 3408 skredsikring Byrte nord, i Tokke kommune, til høyring og offentleg ettersyn.

Det blir vist til tidlegare varsel om oppstart og varsla planavgrensing.

Føremålet med planarbeidet er å sikre fylkesvegen mot snøskred, og setje av areal til snøskredsikringstiltak, og tilkome til desse for framtidig drift/vedlikehald. Aktuelle skredsikringstiltak er terrengtiltak/vollar.

Området som blir ramma er i kommuneplanens arealdel avsett til Landbruks-, natur- og friluftsområde, utan føresegner.

På kartet under blir området vist som fell inn under dette planarbeidet.

Alle dokumenta til denne planen kan du finne i høyremargen under tittelen, «Plandokument og vedlegg».

Forslagsstiller er Vestfold og Telemark Fylkeskommune. 

 

Frist for innspel

Eventuelle innspel til planen kan sendast skriftleg innan 09.01.2023, merka «Innspel til reguleringsplan for Fv 3408 skredsikring Byrte nord :

  • Vestfold og Telemark fylkeskommune, Postboks 2844, 3702 Skien, eller på e-post til: post@vtfk.no.
  • Kopi skal sendast til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen, eller ved e-post til postmottak@tokke.kommune.no.
  • Innspel kan også givast interaktivt via verktøyet «Innbyggjardialog i 3D». Link til nettsida: https://bit.ly/3NuQcLf
Planområdet.JPG

Planforslaget blir òg annonsert i Vest-Telemark blad, og i brev/e-post til dei ramma.

Prosjektet

Dei to skredløpa Bergstøyl og Risstøyl ligg med om lag 100 meters mellomrom.

Skredløpet ved Bergstøyl er kanalisert, og det går snøras her om lag kvart 2-10 år. I løpet av 20 år kan det gå heilt ned til vegbanan på fylkesvegen. For skredbanen ved Bergstøyl er det ikkje observert teikn til skredskada skog, men skogen nært det kanaliserte løpet er av yngre alder, og til dels fråverande. Skredløpet ved Bergstøyl er eit kanalisert skredløp, og blir verande kanalisert til det nærmar seg vegen.

Bergstøyl.JPG
Skredbane/kanalisert løp Bergstøyl. Nær løpet er skogen lågare (av yngre alder), og til dels fråverande.

Ved Risstøyl er det tydelege teikn til siste større skredaktivitet, og skogen er tydeleg skredskada. Ut i frå teikn til skredskada skog har skredet relativt stor utbreiing i nedre del. Terrenget opnar seg, blir slakare og skredmassane blir bremsa opp og breier seg derfor utover. Skogen har òg ein bremsande effekt.

Risstøyl.JPG
Skredløpet til Risstøyl. Knekte større tre sjåast tydeleg nede til høgre i biletet.

Kvifor utarbeidast forslag til detaljregulering for skredsikring Byrte nord

Området er snøskredutsett.

Det er utført ein kartlegging over skredsikringsbehov på fylkesvegnettet i 2015 og 2019, og laga ein oversikt over kva for nokre område som må sikrast mot skred. Oversikta over skredsikringsbehov er utarbeide på bakgrunn av registrerte skred og nedfall. For kvart skredpunkt er det foreslått tiltak for å redusere skredfaren.

Det er to parallelle skredløp i området, Bergstøyl og Risstøyl, med berre nokre hundre meters avstand. Av desse har Bergstøyl den høgaste skredfaktoren.

Reguleringsplan for skredsikring Byrte nord skal sikre fylkesvegen mot snøras ved skredpunkta Bergstøyl og Risstøyl. For å sikre nok areal til snøskredsikringstiltak, og tilkome til desse for drift og vedlikehald, er det einigheit om å regulere områda.

Målet er å ha en vedtatt reguleringsplan innen våren 2023, med antatt byggestart i 2024.

 

Fakta

Vei:                  Fv 3408

Lengde:           To skredpunkt langs fv 3408 Bergstøyl og Risstøly

Fase:                Reguleringsplan

Finansiering:   Fylkeskommunen

Byggestart:     Antatt 2024      

Kontakt

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Lisbeth Lehn Fosse

Planleggingsleiar

E-post: lisbeth.lehn.fosse@vtfk.no

Telefon: 959 14 511