Skal du klage?

Her finn du informasjon om korleis du klagar på behandling ved offentlege og private tannklinikkar.

Klage på behandling ved offentleg tannklinikk

Vi har eigne rutinar for korleis vi behandlar klager som gjeld tilbod og behandlingar ved offentlege tannklinikkar. Rutinane skal sikre rettstryggleiken til pasientar og tilsette.  

Dette kan du klage på

Du kan klage på at rettane dine ikkje blir oppfylte på utført behandling, og på oppførselen til behandlaren.

Slik klagar du på behandling

Ei klage skal bli retta skriftleg til klinikkleiaren på tannklinikken der behandlinga blei utført. Du kan sende ein e-post via den sikre digitale innsendingskanalen eDialog.

Dersom semje ikkje er mogleg, kan du klage videre til tannhelsedirektøren i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Dersom du ikkje er fornøgd med vedtaket frå tannhelsedirektøren, kan du klage vidare til Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Du kan også rette klaga direkte til Statsforvalteren.

Erstatning for påført skade

Fylkeskommunene har plikt til å vere medlem av Norsk pasientskadeerstatning, NPE. Er du påført ein skade etter feil i behandlinga på ein av dei offentlege klinikkane, vil NPE erstatte det økonomiske tapet. Erstatninga kan omfatte inntektstap, meinerstatning og reine utgifter.

Er det økonomiske tapet under 10 000 kroner, kan du ikkje kreve erstatning frå NPE. Då kan du i staden rette deg direkte til den tannklinikken der skaden skjedde. Fristen for å klage til NPE er tre år etter at skaden skjedde. Etter det er saka forelda. 

Frå 1. januar 2020 er den offentlege tannhelsetenesta omfatta av pasient- og brukerombudsordningen. Ombodet kan hjelpe pasientar og brukarar som ikkje får den hjelpa eller behandling dei meiner dei har behov for i den offentlege tannhelsetenesta.

Klage på behandling ved privat tannklinikk

Det er ikkje tannhelsedirektøren i Vestfold og Telemark fylkeskommune som behandlar klager ved private tannklinikkar. Skal du klage på tannbehandling ved ein privat tannklinikk, bør du først ta kontakt med tannlegen som utførte behandlinga.

Dersom de ikkje kjem til semje og tannlegen er medlem av Den norske tannlegeforening, kan du ta kontakt med Vestfold eller Telemark tannlegeforening si lokale klagenemd. Klagenemda vil behandle klaga på den faglege utføringa av behandlinga.

Dersom du får medhald, kan du oppnå at tannlegen blir beden om å gjere behandlinga på nytt, eller tilbakebetale det du har betalt for behandlinga eller deler av beløpet. Klagenemda tar ikkje stilling til krav om erstatning. Det må du rette til Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Eventuelt må saka bli avgjort i rettssystemet.

Du kan også rette klaga på tannlegen direkte til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark.

Erstatning for påført skade ved privat tannklinikk

Privatpraktiserande tannlegar har plikt til å vere medlem av NPE. Er du påført ein skade, dekker NPE skadar etter feil i behandlinga. Erstatninga kan omfatte inntektstap, meinerstatning og reine utgifter.

Er det økonomiske tapet under 10 000 kroner, kan du ikkje kreve erstatning frå NPE. Då kan du i staden rette deg direkte til den tannklinikken der skaden skjedde. Fristen for å klage til NPE er tre år etter at skaden skjedde. Etter det er saka forelda.  

Hjelp til å klage

Pasient- og brukerombodet kan hjelpe deg med å vurdere saka di og gi råd og rettleiing om korleis du bør gå vidare. Les meir om kva pasient- og brukerombodet kan hjelpe deg med på deira nettsider.

Kontaktinformasjon

Pasient- og brukerombudet i Vestfold og Telemark

Publisert: 09.10.2019 Oppdatert: 21.09.2021 kl.13.17