Regionalt planforum

 

Plan og bygningsloven §5-3

”I planforumet skal statlige, regionale og kommunale interesser klarlegges og søkes samordnet i forbindelse med arbeidet med regionale og kommunale planer. Regional planmyndighet oppretter regionalt planforum. Statlige og regionale organer og kommuner som er berørt av den aktuelle sak, skal delta. Andre representanter for berørte interesser kan inviteres til å delta i planforumets møter. Regional planmyndighet har ansvar for planforumets ledelse og sekretariat.”

Regionalt planforum 

I Regionalt planforum vert konkrete regionale og kommunale planar teke opp, og planane kan vere på ulike steg i planprosessen. Statlege, regionale og kommunale interesser vert teke opp og søkt samordna.  

Vestfold og Telemark fylkeskommune leier Regionalt planforum og er sekretariat. Statlege og regionale organ og kommunar som er direkte rørt av den aktuelle saka skal delta. Representantar for tilgrensande interesser i saka kan også delta i møtene i planforumet.

Statsforvaltaren  i Vestfold og Telemark er fast deltakar i Regionalt planforum. Statens vegvesen, Mattilsynet og Norges vassdrags- og energidirektorat og Bane NOR med fleire møter når planane gjeld deira faginteresser. Dei offentlege organa vert kalla inn etter beste skjønn, og representantane må sjølv vurdere om det er ei relevant sak å delta i. 

Mål for Regionalt planforum

Forumet skal:

  • være et samarbeidsorgan for å gjere plansaksbehandlinga meir effektiv og føreseieleg, og at ein unngår konfliktar mellom kommunale og regionale planer i Vestfold og Telemark
  • bidra til større forståing for bakgrunn og syn hjå dei ulike nivåa og fagområda
  • formidle nasjonale og regionale avgjerder og retningslinjer
  • stimulere til harmonisering av planar, både mot andre kommunane planar og mot regionale planer
  • bidra til å utvikle semje mellom dei regionale styresmaktene i utsegnene til planhøyringar.

 

Møtedagar og fristar:

Regionalt planforum har fast møtedag på onsdagar mellom 09.00 – 14.00. Vi vil primært nytte TEAMS, eventuelt i kombinasjon med fysisk møte. Frist for å melde opp sak, inkludert bakgrunnsdokument, er seinast 10 arbeidsdagar før møtetidspunktet. Dersom datoen kjem på ein raud eller inneklemt dag, går den ut. Det er heller ikkje sett av møtetid i ferievekene. Vinterferien er veke 8 og haustferien er veke 41 i Vestfold og Telemark fylke.

Det er også mogeleg å møte i fylkeshuset i Tønsberg i oddetalsveker (veke 1-3-5-osv), og i fylkeshuset i Skien i partalsveker veke 2-4-6-osv ). Andre møtestader kan avtalast dersom det er formålstenleg totalt sett. Det vert servert lunch dersom det er lang reiseveg for deltakarane.  

Frist for å melde opp sak inkludert bakgrunnsmateriale er seinast 10 arbeidsdagar før møtetidspunktet, men ta svært gjerne kontakt før det.

Prinsippet om «førstemann til mølla» gjeld, og alle kommunane kan i utgangspunktet fritt velje møtedag.

Her er lenker til informasjonsskriv og påmeldingsskjema:

Regionalt planforum 2022- info og påmeldingsskjema

Påmeldingsskjema til Regionalt planforum 2022 (word)

Påmelding til Rakel Skjerve

Møtene vert primært arrangerte på Teams, eventuelt i kombinasjon med fysisk møte.

Møteplan våren 2022 

Måned Dato Dato Dato Dato Dato
Januar 5/1 Tønsberg 12/1 Skien 19/1 Tønsberg 26/1 Skien  
Februar 2/2 Tønsberg 9/2 Skien 16/2 Tønsberg 23/2 VINTERFERIE  
Mars 2/3 Tønsberg 9/3 TEAMS 16/3 Tønsberg 23/3 Skien 30/3 Tønsberg
April 6/4 Skien 13/4 PÅSKE 20/4 Skien 27/4 Tønsberg  
Mai 4/5 Skien 11/5 Tønsberg 18/5 Skien 25/5 Tønsberg  
Juni 1/6 Skien 8/6 Tønsberg  15/6 Skien 22/6 Tønsberg 29/6 Skien
Møteplan Høst 2022
Måned Dato Dato Dato Dato Dato
Juli Ferie Ferie Ferie Ferie Ferie
August Ferie Ferie 17/8 Tønsberg 24/8 opptatt Nome 31/8 Tønsberg
September 7/9 Skien 14/9 Tønsberg 21/9 Skien 28/9 Tønsberg   
Oktober 5/10 Skien HØSTFERIE 19/10 Skien 26/10 Tønsberg  
November 2/11 Skien 9/11 Tønsberg 16/11 Skien 23/11 Tønsberg 30/11 Skien
Desember 7/12 Tønsberg 14/12 Skien 21/12 Tønsberg JULEFERIE  

Nasjonal planforumsveileder

Publisert: 01.05.2018 Oppdatert: 02.02.2022 kl.15.48

Gerd-Louise Wessel
Plankoordinator planseksjonen i Vestfold fylkeskommune