Elevutveksling Erasmus+

Foto: Bø blad

Publisert:

17.01.2023

Oppdatert:

17.01.2023 kl.14:59

Bø vgs er med i utvekslingsprogrammet Erasmus+. 4 språklærarar hos oss har besøkt Tyskland og Spania for å lære og hente inspirasjon til eiga undervisning, samt opprette samarbeidsskular.

Me har oppretta 2 samarbeidsskular; ein i Seevetal like utanfor Hamburg i Tyskland, og ein i Alcoy nær Alicante i Spania.

Hovudføremålet med denne ordninga er ei utveksling som kan gje språklærarane inspirasjon og friske opp språket, og at samarbeidet genererer elevutveksling. Vi håpar å kunne sende nokre elevar til Tyskland og Spania neste skuleår, i tillegg til at me tek imot elevar derifrå. Det er viktig at elevane lærer språk ikkje berre teoretisk, men også praktisk, i det landet der språket høyrer heime.

Vi har allereie ei avtale om at ei spansk jente kjem til Bø vidaregåande skule for ein månads opphald nå i mars, og då kjem også to lærarar frå Tyskland.