Skien vgs på skulebesøk

IT-elevar frå Skien vgs med lærar på informasjonsbesøk hos Bø ungdomsskule
IT-elevar frå Skien vgs med lærar på informasjonsbesøk hos Bø ungdomsskule Foto: Skien vgs

Publisert:

23.11.2021

Oppdatert:

24.11.2021 kl.11:02

Skien vidaregåande skule reiser på skulebesøk i Telemark-delen av fylket den næraste tida. Dette gjer vi for å informera om dei spesielle utdanningstilboda på Skien vgs.

Tilboda vi informerar om er: "Musikk, dans og drama", "Forskarlina" og "Informatikklina".

Med på ferda er både lærarar og elevar ved linane.

Førre veke var vi på Bø ungdomsskule. MDD-elevane våre underheldt med musikk, sang og dans, før rådgjevar, leiar, lærarar og elevar svarte på spørsmål frå interesserte.

Vi gler oss til å besøke Holla (08. des.), Notodden vgs (09. des), Bamble vgs (09. des). Åmot (13. jan), Fyresdal (Gimle) (18. jan) og Vest-Telemark vgs (03. feb) i tida som kjem.

Om nokon skulle lure på noko, så ta gjerne kontakt med leiarane våre. Du finn kontaktinformasjon på nettsida til opplæringstilboda våre.

Opplæringstilbod

 

blobid1.png

Musikkelevar.

blobid0.png

Elevar og lærar frå forskarlina.

blobid3.png

Elevar frå dans og drama.