Foreldremøte

Det vert møte for foreldre og føresette torsdag 9. september kl. 18.00-19.30

Publisert:

31.08.2021

Oppdatert:

10.09.2021 kl.13.41

Det vert møte for foreldre og føresette for VG1 torsdag 9. september kl. 18.00-19.30 på Dalen

Møtet startar i kantina, for deretter å dele seg på dei einskilde klassane sitt klasserom . 

Me hadde i utgangspunktet tenkt at både føresette for VG1 og VG2 skulle få delta på møtet, men koronarestriksjonar gjer dette noko vanskeleg. Møtet denne gongen er altså berre for føresette for VG1 studiespesialisering, VG1 Helse- og oppvekstfag, VG1 Elektro og VG1 Teknologi og industrifag. 

Til dei som er aktuelle for deltaking: Elevane får brev med innkalling med seg heim. Det er særs viktig at de, uansett om de skal delta eller ikkje, fyller ut svarslippen og sender med elevane tilbake. Me er avhengige å vite tal på møtande for å legge til rette med omsyn til smittevern.

Program: 

Fellessamling i kantina 18:00:

  • Presentasjon av/informasjon om skulen v. fungerande rektor Siv Reidun Eide
  • Presentasjon av personar de kan ha nytte av å kjenne til (avdelingsleiarar, rådgjevar, T-rådsleiar) og  kva dei kan hjelpe med
  • Informasjon om stipendordning m.m. ved rådgjevar

 

På klasseroma frå ca. 18:45:

  • Møte med kontaktlærarar
  • Informasjon om fag og anna som gjeld dei ulike klassene

Velkommen til møte!