Testar kan ein hente på lokal utleveringsstad. Skulen har også enkelttestar, som du kan be lærar om å hente viss du får symptom.
Har elevar og tilsette nyoppståtte luftvegssymptom, skal dei bli heime og teste seg.
Ved positiv hurtigtest så må ein sjå på kommunen si heimeside for å finne ut korleis positiv test skal meldast inn, då det er litt ulikt frå kommune til kommune.
Elevar og tilsette som bur i Tokke kan sjølv registrere positiv test- https://minside.kommune.no/innlogget/smitte-selvregistrering/?kommunenummer=3824
Ved postiv test vert det isolasjon i 4 døgn frå positiv test eller dato for symptomstart. Når det har gått 4 døgn i isolasjon sjølv om ein framleis har restsymptom, kan ein kome tilbake til skulen.